Blogg: Mens vi ventar på stortingsmeldinga…

8 juni, 2021 | Innlegg

Fredag denne veka kjem endeleg Stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Vil folk verta nøgde eller vert dei skuffa? Mitt tips: Truleg begge deler. Den siste tida har eg arbeida mykje med tematikkar som det vil vera naturleg at vert adressert i denne stortingsmeldinga – særskilt knyt det seg til kraftsituasjonen i Noreg (meir spesifikt […]
Kraftartikkel

Fredag denne veka kjem endeleg Stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Vil folk verta nøgde eller vert dei skuffa? Mitt tips: Truleg begge deler.

Den siste tida har eg arbeida mykje med tematikkar som det vil vera naturleg at vert adressert i denne stortingsmeldinga – særskilt knyt det seg til kraftsituasjonen i Noreg (meir spesifikt på Vestlandet) i møtet med det grøne skiftet. I møter med ei lang rekkje aktørar på Vestlandet er det tydeleg at forventningane blant mange til kva denne stortingsmeldinga skal levera på og adressere er store. Det er heilt naturleg all den tid den skal omhandle alt frå olje- og gassressursane våre, fornybar energi, havvind og industriell utvikling på land basert på fornybar energi. Det er også varsla at det kjem ein eigen rettleiar for havvind og eit vegkart for hydrogen same dag. Kanskje vil desse få det meste av merksemda? 

Kva vert det vidare livet til desse dokumenta? 

Stortingsmeldinga og dei andre dokumenta som kjem på fredag kjem etter fristen for handsaming i inneverande stortingsperiode er gått ut. Det kan gjeva ein interessant dynamikk inn i valkampen. Kva konsekvens vil det få og gjev det grunn til å skru opp forventningane i forkant? Korleis stortingsmeldinga vert handsama og kva det endelege vedtaket vert vil til sjuande og sist avhenge av kva valresultat ein får til hausten. 

Det at stortingsmeldinga kjem om lag tre månadar før eit stortingsval gjev grunn til å tru at det kan ligge store satsingar og djerve ambisjonar i meldinga. Samstundes vil eit eventuelt regjeringsskifte til hausten kunne føre til andre prioriteringar enn det som ligg inne i meldinga som kjem på fredag. Difor er det to element som vert interessante på fredag og i tida som føl: 

a) kva løysingar og ambisjonar ligg inne frå regjeringa i meldinga
b) kva vert fokusområda og korleis vert den politiske debatten i etterkant av framlegginga


Det at meldinga rommar så mange viktige felt gjev dette eit ekstra element. Er det nokre element som vil få alt fokus og rommet i den politiske debatten? Erfaringsmessig er det ofte dette som skjer – og det går gjerne på bekostning av drøftingar kring heilskapen. Aktørar som er opptekne av spørsmål kring kraft, energi og industriutvikling bør stimulere til, leggje opp til og utfordre til ein debatt kring heilskapen. Det å få på plass ein heilskapleg og omforent energipolitikk med løysingar som står seg over tid vil vera viktig for konkurransekrafta og farten til norsk næringsliv i møtet med det grøne skiftet. 

Batterifabrikkar, ferjekaier og andre grøne initiativ 

Det siste året har det grøne skiftet skote fart og i tillegg til elektrifisering av samfunnet i form av bilpark, skipsflåten og ferjene i vestlandsfjordane er det no det nesten slik at kvar gong ein opnar ei avis så kan ein lesa om nye initiativ knytt til grøne verdikjeder og arbeidsplassar. Tidlegare i år var det med anna ein stor debatt her i Bergensregionen i samband med prosessen kring lokalisering av den storskala batterifabrikken til Panasonic, Hydro og Equinor. Ingen av initiativa frå Vestland fylke vart med vidare i prosessen, og mangel på kraft vart peika på som ei av årsakene. Det vart med anna slått alarm på leiarplass av Bergens Tidende (BT) om at Kraftfylket Vestland taper kampen om kraftbasert industri. Dette vart derimot bestrida i eit svarinnlegg i BT av Anders Hegna Hærland som er direktør for forretningsutvikling i Equinor. 

Uavhengig av kva som til slutt var det avgjerande i denne saka syner debatten kring store industriinitiativ fleire sider som bør prege debatten i etterkant av at den nye stortingsmeldinga vert lagt fram: 

1) ny grøn industri krev svært mykje kraft og kraftsituasjonen vil alltid vera ei utfordring og kunne påverka kraftbalansen i eit område når dei største prosjekta skal etablerast, 
2) vi må snakke meir om konsekvensane av elektrifiseringa av Noreg og dei overordna og lange linjene i energipolitikken.
 

Stortingsmeldinga som kjem på fredag bør nyttast nettopp som eit oppspark til ein brei debatt kring desse spørsmåla i den komande valkampen og i neste stortingsperiode. 

Nye monstermastdebattar? 

Nyleg kom LO og NHO med ein ny felles energi- og industripolitisk plattform. Der summerer målbiletet og ambisjonane seg til eit totalt kraftforbruk mellom 170 og 190 TWh i 2030. Det er markant høgre enn NVE sitt basisscenario for 2030 der anslaget er 154 TWh. Til samanlikning har kraftforbruket vore i snitt om lag 135 TWh dei siste fem åra. Dette føyer seg inn i rekkja av rapportar, initiativ og dokument som syner at kraftforbruket i Noreg vil gå opp i åra som kjem. 

Det vil truleg føre til store debattar både kring utbygging/utbetring av produksjonsanlegg for fornybar kraft i Noreg og kring utbygging av infrastrukturen som skal til for å frakte kraft mellom ulike områder i landet. Debattar kring desse spørsmåla er ofte svær polariserte – anten det dreier seg om vindmøller eller om bygging av master. Kvifor er det slik? 

Uansett kva ein meiner om utbyggingar, scenariomodellar for behovet for kraft osv. bør politikarar og andre som arbeider med denne typen spørsmål framover leggje til rette for breie diskusjonar på tvers av «skyttargraver» og interesser kring desse spørsmåla. 

Ein energinasjon som Noreg bør ha grundige samfunnsdebattar om heilskapen og dei ulike delane av energisektoren. Det bør starte med meldinga(ne) som kjem på fredag! 

Mens ein ventar på stortingsmeldinga kan ein gjerne lese to tidlegare innlegg kring dette:

Nyttar vi krafta riktig? 

Energinasjonen må snakke meir om energi

Tommy Aarethun
Administrasjons- og kommunikasjonssjef 
Initiativ Vest

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This