Det er på tide med ei ny maktutgreiing i Noreg!

20 april, 2021 | Innlegg

Kven styrer eigentleg Noreg? Korleis har dette endra seg dei siste tiåra? Har inntoget til kommunikasjonsbyrå og sosiale medier endra maktbalansen? Kva er statusen på det norske demokratiet? Tida er inne for ei ny makt- og demokratiutgreiing i Noreg.  I Danmark har eit fleirtal i Folketinget gått inn for at det no skal utarbeidast ei […]
Untitled design 7

Kven styrer eigentleg Noreg? Korleis har dette endra seg dei siste tiåra? Har inntoget til kommunikasjonsbyrå og sosiale medier endra maktbalansen? Kva er statusen på det norske demokratiet? Tida er inne for ei ny makt- og demokratiutgreiing i Noreg. 

I Danmark har eit fleirtal i Folketinget gått inn for at det no skal utarbeidast ei ny maktutgreiing. I Noreg har ein valt å setja ned ein ytringsfridomskommisjon som skal leggja fram sin rapport innan 1. mars 2022. I tillegg har Universitetet i Oslo fått i oppdrag å undersøkje tilstanden til det norske demokratiet i eit prosjekt som skal vera ferdig siste halvdel av 2022. I begge desse prosjekta ligg det element som det vil vera naturleg å omtale i ei maktutgreiing, men vi meiner at mandata og forankringa ikkje er tilstrekkeleg til å kunne dekkje alt det ei maktutgreiing bør sjå på. Difor bør Noreg etter vårt syn la seg inspirere av Danmark og starte arbeidet med ei ny norsk maktutgreiing. Det er det fleire grunnar til. 

Førre maktutreiing vart vedtatt ved kongeleg resolusjon i 1998 og leverte sluttrapporten sin i 2003. Den fyrste matutgreiinga var eit forskingsprosjekt leia av Gudmund Hernes som varte frå 1972 til 1982. At det er lenge sidan førre maktutgreiing, og omfanget av dei to førre er aleine to svært gode grunnar til at arbeidet med ei ny maktutgreiing no bør byrja. 

Sidan førre maktutgreiing har det i tillegg skjedd svært mykje som påverkar maktstrukturane i Noreg. Innvandring, teknologi, demografi, klima, aukande ulikheit og sentralisering for å nemne nokre slike trendar som alle påverkar maktstrukturane i eit land som Noreg. I tillegg til dette har sosiale medium og den nye mediekvardagen sitt inntog ført til store endringar innan kommunikasjon og medievaner. 

Som ein liten og open økonomi vert Noreg i stor grad påverka av globaliseringa og globale endringar. Sidan starten av 2000-talet har det skjedd mykje på dette feltet og hendingar som finanskrisa i 2008 og oljekrakket i 2014 er dømer på kor påverka vår økonomi er av internasjonale hendingar.

I tillegg står vi ovanfor store omstillingar og i tida som kjem vil det truleg oppstå stadig fleire konfliktar knytt til ressursar og ressursforvaltning. Oljenasjonen Noreg har både utfordringar og store moglegheiter i møtet med det grøne skiftet, og har forplikta seg til ei rekkja internasjonale forpliktingar og avtalar innanfor dette området. Ei ny maktutgreiing bør med anna sjå på konsekvensane av den internasjonale marknaden og internasjonale avtalar sine klare føringar for Noreg, og sjå på korleis dette endrar det norske handlingsrommet. Men, også på korleis auka proteksjonisme og erosjon av det internasjonale systemet påverkar tryggleik og handel. 

Eit anna område der det har skjedd svært mykje sidan førre maktutgreiing er veksten til kommunikasjons- og rådgjevingsbyråa i det norske samfunnet. I tillegg til desse byråa sitt eige arbeid har vi ved ei rekkje høve også hatt diskusjonar om personar som går frå jobb i politikken til desse byråa og andre vegen. Har dette endra maktbalansen i favør dei som er ressurssterke? På kva måte påverkar dette trepartssamarbeidet og den norske samfunnsmodellen? Må vi ha nye og tydelegare reglar for å regulere dette? 

Desse byråa sitt inntog i det norske samfunnet heng også etter vårt syn tett saman med ekspertifiseringa av politikken og samfunnet. Stadig meir politikkutforming vert sett ut til fagorgan og aukande bruk av konsulentar, sivilsamfunnet vert stadig meir profesjonalisert og det vert oppretta stadig fleire ekspertutval. Kva skjer med den norske samfunnsmodellen når stadig meir av dette vert overlatt til ekspertar, og er vi i Noreg på veg mot å verta eit ekspertokrati?

Vi har eit felles ansvar for å sikre tilstanden til samfunnet og demokratiet vårt og ei ny makt- og demokratiutgreiing vil vera ein god stad å byrja. Det er på tide no! 

Ole Rasmus Øvretveit 
Leiar Initiativ Vest

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This