Innlegg: Manglande tilgang på kraft er ikkje eit luksusproblem

10 februar, 2021 | Innlegg

Det bør bekymre langt fleire enn kraftdirektørar og vestlendingar at ti industriprosjekt på Vestlandet no er sett på vent grunna manglande krafttilgang.   Noreg har store ambisjonar om grøn omstilling i åra som kjem, noko som med anna kjem tydeleg fram i regjeringa sin nyleg framlagte klimaplan for 2021-2020. Auka grad av elektrifisering vert sett på som ein naudsynt […]
Untitled design 7

Det bør bekymre langt fleire enn kraftdirektørar og vestlendingar at ti industriprosjekt på Vestlandet no er sett på vent grunna manglande krafttilgang. 

 Noreg har store ambisjonar om grøn omstilling i åra som kjem, noko som med anna kjem tydeleg fram i regjeringa sin nyleg framlagte klimaplan for 2021-2020. Auka grad av elektrifisering vert sett på som ein naudsynt føresetnad for at Noreg skal kunne nå klimamåla og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet.   
 
Tilgang på kraft og nettkapasitet er sentrale tema når ein snakkar om elektrifiseringa av Noreg. Denne tematikken er aktuell for fleire regionar, men situasjonen er i desse tider særskilt prekær på Vestlandet. Denne veka kunne vi lese om at Kraftdirektør slår alarm: Straumnettet taklar ikkje elektrifiseringa av Noreg. Han etterlyser eit taktskifte for å få på plass naudsynt infrastruktur.  
 
I saka kan ein lese at det no er ti industriprosjekt langs kysten av Vestland som er satt på vent grunna manglande tilgang på kraft. «Eit luksusproblem» skildrar statssekretær i Olje- og energidepartementet Tony Christian Tiller det som, og legg til at han heiar på dei. Slik vi ser dette er dette ikkje eit luksusproblem, men eit problem som bør bekymre langt fleire enn kraftdirektørar og vestlendingar, og som vi som nasjon må handtere dersom vi skal nå dei tydeleg ambisjonane om omstilling av samfunnet.  
 
I likskap med Tømmernes (BKK) trur vi det er naudsynt å tenke nytt. Er dagens regulerings- og planverksregime tilpassa tempoet i det grøne skiftet, eller finnes det nye idear og betre løysingar som er tilpassa dagens situasjon og utvikling? Kan ny nettutvikling i større grad ta omsyn til næringsutvikling og grøn omstilling? 
 
Å omstille Noreg er ei felles oppgåve som må løysast i samspel mellom ei lang rekke aktørar. Det er viktig å sikre at naudsynt infrastruktur som er tilpassa eit moderne grønt næringsliv kjem på plass.   
 
Det er positivt at Tiller varslar at dei skal sjå på moglege grep i samband med arbeidet med ei ny stortingsmelding om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar som er venta før sumaren.  

Vi vonar dette vert ei heilskapleg og nytenkande melding som bidreg til å akselerere ny grøn industriutvikling – både på Vestlandet og andre stadar.

Ole Rasmus Øvretveit
Dagleg leiar i Initiativ Vest   
 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This