Innlegg: Vi må gripe sjansen når vi har den!

18 februar, 2021 | Innlegg

For tida pågår det ein debatt om lokalisering av ein nye etat som skal bestå av eit samanslått Giek/Eksportkreditt. Dersom politikarane våre faktisk meiner at statlege arbeidsplassar bør lokaliserast over heile landet so er dette ein sjanse ein ikkje bør la gå forbi.   Vi i Initiativ Vest har tidligare teke til orde for, blant i kronikken «La oss tørre å tenke tanken helt ut!», at ein bør […]
Untitled design 7

For tida pågår det ein debatt om lokalisering av ein nye etat som skal bestå av eit samanslått Giek/Eksportkreditt. Dersom politikarane våre faktisk meiner at statlege arbeidsplassar bør lokaliserast over heile landet so er dette ein sjanse ein ikkje bør la gå forbi.  
 
Vi i Initiativ Vest har tidligare teke til orde for, blant i kronikken «La oss tørre å tenke tanken helt ut!», at ein bør tilnærma seg debattar og prosessar kring flytting av statlege arbeidsplassar på ein meir heilskapleg måte enn kva som har vore vanleg til no. Evaluering av tidlegare utflyttingar gjev eit godt kunnskapsgrunnlag, saman med ei vurdering av kva andre fagmiljø og næringar rundt i landet som er lokalisert i dei aktuelle områda. Kva fordelar er det knytt til ei flytting og kva ulemper vil ein få? Nærleik til kundar og brukarar av ein statleg etat bør stå høgt, om ikkje høgast, på ei slik vurderingsliste. Det gjeld uavhengig av om det er etatar som syslar med eksportstøtte eller om det er andre statlege etatar som er aktuelle for flytting.  
 
«Det er positivt med statlige arbeidsplasser rundt om i hele landet.» slår næringsminister Iselin Nybø fast i ein kronikk i Bergens Tidende 24. januar. Resten av kronikken nyttar ho til å slå fast kvifor det er ein dårlig ide å flytte Giek / Eksportkreditt til området som i dag mottek brorparten av lånegarantiane: Vestlandet. Det er synd at ho ikkje grip sjansen når ho har den.    

Det er sjølvsagt slik at det skjer verdiskaping i heile Noreg – men det er eit faktum at Vestlandet husar dei fleste av dagens eksportbedrifter, og at brorparten av Giek og Eksportkreditt sine lånegarantiar i dag går til verksemder som er lokalisert på Vestlandet. I tillegg veit vi at det i åra som kjem er mange av næringane lokalisert langs kysten som skal stå for ny verdiskaping og medverka til å tette eit aukande eksportgap. Statlege etatar og eit verkemiddelapparat som er tett på og samlokalisert med fagmiljø og bedrifter bør vera motorar i denne utviklinga, og ikkje nyttast til byutvikling i hovudstaden.  

Skal ein leggje Nybø sin argumentasjon til grunn, om at det ikkje passar so godt akkurat no men at det er godt mogleg at ein kan gjera noko med lokaliseringa i framtida, vil det nok truleg skje lite på dette området. For akkurat det argumentet vil alltid vera der. Dei samfunnsmessige effektane på lang sikt i tillegg til kundane/brukarane sitt beste bør vera det førande for slike prosessar.  

Om politikarane våre faktisk meiner at «Det er positivt med statlige arbeidsplasser rundt om i hele landet» så bør dei gripe sjansen når den er der!   

Ole Øvretveit
Dagleg leiar i Initiativ Vest

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This