Kor mange sigrar vil Kari Nessa Nordtun få?

13 februar, 2023 | Innlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 10. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Det var ikkje mange dagane Energikommisjonen fekk all merksemd. Berre nokre få dagar etter at kommisjonen førre veke lanserte sin rapport kom nye framlegg til energipolitikk på bana.  Denne gongen i form av Arbeiderpartiet sitt eige energiutval, leia av ordføraren […]

Dette var nyhendebrevet fredag 10. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Det var ikkje mange dagane Energikommisjonen fekk all merksemd. Berre nokre få dagar etter at kommisjonen førre veke lanserte sin rapport kom nye framlegg til energipolitikk på bana. 

Denne gongen i form av Arbeiderpartiet sitt eige energiutval, leia av ordføraren i Stavanger Kari Nessa Nordtun. Beskjeden var ikkje til å misforstå: Straumprisen må ned. Og det litt fort.

Utvalet foreslår med anna at ein bør vurdere å redusere momsen midlertidig som eit grep for å raskt senke straumprisen, men er også opne for andre grep som makspris. 

Straumpris og energidebatt dominerer den politiske debatten. Det vil den truleg også gjera når Arbeiderpartiet samlast til landsmøte på Youngstorget i mai. Der kan det blir harde kampar om straumpris og energi.

Både energikommisjonen og energiutvalet sine framlegg vil bli drøfta i partiorganisasjonen dei neste månadane og det vil bli kamp om fleire av framlegga. Men for regjeringa og partileiinga i Arbeiderpartiet er ikkje dette det einaste straumopprøret som må handterast. 

Ein annan sentral skikkelse i partiet har nemleg varsla straumkamp på landsmøtet. Trond Giske lova i sin årsmøtetale til Nidaros sosialdemokratiske forum, som no er det største lokallaget i partiet, at dei skal vinne fram på landsmøtet. 

Sjølv om partileiinga ikkje likar alt som kjem frå Nessa Nordtun og energiutvalet, og det kan bli vanskeleg for regjeringa å levere på det som vert foreslått, kan det difor likevel ende med at det vert ein del sigrar for energiutvalet. At det har kome ut rapportar om at statsministar Jonas Gahr Støre og partileiinga har vore i dialog med energiutvalet undervegs i deira arbeid underbyggjer ei slik antaking. 

«For Ap-ledelsen er det å foretrekke at de ikke så opprørske rogalendingene Nordtun og Tajik kanaliserer Ap-grasrotas strømmisnøye, enn at Giske kortslutter landsmøtet i mai med sin trønderfraksjon.» skreiv Rogalands Avis på leiarplass denne veka. Det er nok ganske presist oppsummert. 

Truleg vil partileiinga i Arbeiderpartiet og dermed også regjeringa ynskje å gjera nokre grep allereie i forkant av landsmøtet. Både for å ta kontroll over situasjonen, men osåg for å klatre noko på målingane som framleis er svært nedslåande. 

Det heile kan difor ende med at Kari Nessa Nordtun vil få fleire sigrar enn kva partileiinga og regjeringa innerst inne er komfortable med. For alternativet kan nemleg vise seg å vera langt verre og bli svært krevjande å handtere.

Og kven veit, om ho vinn fram her så ventar kanskje større sigrar og verv i framtida?

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This