Nytt notat: «Fuck janteloven» og ni andre grep som kan løfte Vestlandet

26 mai, 2023 | Vestlandsakademiet

Kva saker vert viktige, og kva grep skal til for å løfte Vestlandet framover? Desse tematikkene har vore gjennomgangsmelodien i det andre kullet av Vestlandsakademiet. No presenterer vi eit nytt notat med 10 framlegg til grep frå deltakarane i akademiet. Her er framlegga: 1. Utnytte naturressursane i regionen 2. Knyte regionen saman med infrastruktur 3. […]

Kva saker vert viktige, og kva grep skal til for å løfte Vestlandet framover? Desse tematikkene har vore gjennomgangsmelodien i det andre kullet av Vestlandsakademiet. No presenterer vi eit nytt notat med 10 framlegg til grep frå deltakarane i akademiet.

Her er framlegga:

1. Utnytte naturressursane i regionen

2. Knyte regionen saman med infrastruktur

3. «Fuck janteloven»

4. Tettare samarbeid mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor

5. Vestlandet treng ein meir offensiv offentleg forvaltning

6. Skape attraktiv lokalsamfunn

7. Strategisk lokalisering av større satsingar

8. Openheit om «tap» og toleranse

9. Desentralisert sentralisering

10. Handlekraft

Vestlandsakademiet final


I Vestlandsakademiet samlar vi unge vestlendingar mellom 20 og 35 år. Deltakarane frå politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv får innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet.

Deltakarane i akademiet får tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem. Ein viktig suksessfaktor for diskusjonane i akademiet er at deltakarane kjem frå ulike stader, og har ulik bakgrunn. Det gjer at ulike perspektiv og tankar får møte kvarandre, og at ein får innsikt i saker som ein ikkje møter i sin eigen kvardag.

Vi har fått prosjektfinansiering til dei to fyrste kulla av Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. I tillegg mottek vi stønad frå Agenda Vestlandet.

Dette notatet er resultatet av eit arbeid på den femte samlinga til det andre kullet av akademiet. Deltakarane diskuterte korleis Vestlandet kan bli ein berekraftig region i framtida.

Les meir om Vestlandsakademiet HER.

1682432040041

Desse deltok på den femte samlinga og utforminga av notatet: Rasmus K. Skjong, Karsten Løvlid, Bjørn Olav Østeby, Sjur Selsvik, Merima Bektesevic, Jelle S. Bruin, Ida S. Lutro, Håvard Rørtveit, Kristoffer F. Sortland, Vegard I. Feste, Magni Rosvold, Birgitte Karlstrøm, Maria B. Hunvik, Pål Halle, Tina Totland Jenssen og Mona Vølstad (ikkje på biletet).




Andre innlegg

Share This