Vestlandsintervjuet: Gjermund Kvernmo Langset

25 april, 2022 | Nyhende

- Dei samfunnsutfordringane vi står ovanfor løyser vi best i fellesskap. Då må vi møtast på tvers av sektorar og geografi, seier Gjermund Kvernmo Langset.

– Dei samfunnsutfordringane vi står ovanfor løyser vi best i fellesskap. Då må vi møtast på tvers av sektorar og geografi, seier Gjermund Kvernmo Langset.

the north west

The North West

Denne veka samlar The North West, med dagleg leiar Gjermund Kvernmo Langset i spissen, hundrevis av folk til konferanse og ei rekkje arrangement i Ålesund.  Det sentrale målet med både organisasjonen The North West og årets konferanse er å bidra til å finne svara på korleis samfunnet vil sjå ut framover.

Les meir om The North West 2022 her.

Havet vert sentralt under årets konferanse  
Sidan dette famnar breitt har ein valt å snevre inn fokuset, og havet som er ei viktig næring for Møre og Romsdal, Vestlandet og Noreg er sentralt under årets konferanse.  
 
– Dette er ei særs viktig næring i regionen og langs heilt kysten, og under konferansen vil vi både ha fokus på bærekraftig næringsutvikling i havet og demografiske utfordringar i kystsamfunna. Korleis vi skapar gode og attraktive lokalsamfunn der folk ynskjer å bu og leve vil verte heilt sentralt.  
 
Langset vonar at dei som deltek på konferansen vil sitje igjen med fleire ting, og seier at målet er at praten om tematikken ikkje skal slutte når konferansen er slutt.    
 
– Eit viktig mål med konferansen er å gi inspirasjon til dei som deltek. Vi vil at folk skal sitje att med ei tru, og positiv innstilling til det som skal skje framover. I tillegg er det viktig for oss å bidra til skape nye relasjonar og nettverk.

Gjermund langset

Gjermund Kvernmo Langset

–  Vi veit at vi skal gjennom mange endringar. Det handlar blant anna om klima, verdssituasjonen og berekraftsmåla. Vår oppgåve er å bidra til å forsøke å finne svar på korleis vi skal møte dette.  

Hav og samfunn må koplast tettare framover 
Koplinga mellom havet og samfunna som er tett knytt til havet vert ein viktig del av konferansen. Det skal både vera del av fellesdelen i hovudkonferansen, og i ein parallellsesjon som vi i Initiativ Vest har ansvaret for.
 
I denne bolken vil ein også kome innom den politiske debatten kring hav i Noreg, ein tematikk Langset har adressert tidlegare i denne kronikken saman med dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun.
 
– I Noreg er vi ikkje gode nok på å kople havet med samfunna rundt. Vi skal leve av havet, vi skal femdoble oppdrettsnæringa og mangedoble eksporten frå maritim industri. Samstundes veit vi at desse næringane er geografisk lokalisert i områder med store demografiske utfordringar.  

Langset seier at det difor er viktig å drøfte korleis ein skal sikre tilgang til arbeidskraft og riktig kompetanse innanfor desse næringane. Han peikar på det han omtalar som ei manglande kopling mellom desse tinga, og han seier at fråværet av heilskapleg tenking på dette området er ei stor utfordring for havnasjonen Noreg.

Dei gode samtalane heilt sentrale 
Ei viktig målsetjing for The North West er å vera ein arena som bidreg til berekraftig regionsutvikling. Det går tydeleg fram av programmet, og Langset er oppteken av at sjølv om det er viktig å ha eit solid program, så skjer det minst like spanande ting i dei mange møta mellom innslaga frå scena.
 
– Det eg gler meg aller mest til er å snakke med folka som skal delta på konferansen. Det er i desse møta, og når vi byggjer nye relasjonar at sjølve magien skjer!

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This