Dette var nyhendebrevet fredag 03. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.
Energikommisjonen leverte onsdag denne veka sin rapport. Namnet på NOU-en «Mer av alt – raskere» er i grunn ei ganske god oppsummering av det heile. Samstundes overlet kommisjonen dei tøffaste prioriteringane og vegvala til politikarane, og det er desse som vil avgjere om ein lukkast.
Rapporten er eit godt kunnskapsgrunnlag og inneheld gode analysar av kva som er stoda i dag og behovet framover. Klimamål, elektrifisering av samfunnet og ny grøn industri er drivarane for auka kraftbehov framover – og den store forskjellen i ulike prognosar knytt til behovet i 2030 kjem i stor grad av ulike anslag knytt til ny industri.
I tillegg til kunnskapsgrunnlaget og kartlegginga av energibehovet framover presenter kommisjonen (i alle fall eit fleirtal i kommisjonen) ei rekkje tiltak og mål som skal bidra til at Noreg framleis skal ha overskotsproduksjon av kraft samt at rikeleg tilgang på fornybar kraft framleis skal vera eit konkurransefortrinn for norsk industri:
– Minst 40 TWh i ny kraftproduksjon innan 2030
– Minst 20 TWh i energieffektivisering innan 2030
Desse måla meiner kommisjonen skal nåast med anna gjennom opprusting av vasskraft (inkludert pumpekraftverk), meir vind til lands (der kommunane skal sitja att med større inntekter), havvind (der tempo må opp) og gjennom meir solkraft (der barrierar må vekk). I tillegg er det foreslått ei rekke tiltak og ein nasjonal handlingsplan for energieffektivisering som skal omfatte alle sektorar.
Har du følgt energidebatten tett dei siste åra?
Då er det nok ikkje så veldig mykje som vil kome som ei veldig stor overrasking for deg når du les denne rapporten. Samstundes som kommisjonen konkluderer med at det er behov for meir av alt raskare slår dei altså fast at «Tiden er inne for vanskelige, og ikke minst viktige, veivalg.».
Og det er kanskje her vi er inne i kjernen av kvar den største utfordringa framover ligg? Skal alt elektrifiserast? Må noko vente? Kan vi kople til alle nye grøne initiativ, eller må nokre av desse vente eller bli droppa? Det er lite truleg at vi greier å byggje ut kraft så raskt at vi kan seie ja til alt, og då vil dei leiande politikarane måtte prioritere og dei politiske dragkampane byrje (dei er alt i gang).
Det blir svært interessant å sjå korleis debatten framover utviklar seg no framover, og om rapporten kan bli eit felles kunnskapsgrunnlag på tvers av frontane i den svært polariserte energidebatten. Energikommisjonen kom som eit svar på ein polarisert energidebatt, og det er lite truleg at ein del av dei som har «ropt høgast» vil slå seg til ro med desse konklusjonane.
Mange vil nok stille seg bak hovudkonklusjonen om at det er behov for meir av alt – raskare, men også her vil det bli motstand. Til dømes er motstanden mot meir vindkraft på land i Noreg er størst på Sør- og Vestlandet, som også er to av områda med høgast kraftprisar og størst behov for kraft framover. Kva utslag vil eit raskare tempo i dette kunne få? Enno større blir nok usemja når ein skal inn i dei konkrete framlegga, noko også kommisjonen sitt arbeid med ei rekkje dissensar syner.
Om kommisjonen skal få sitt ynskje om «eit taktskifte i norsk energipolitikk» oppfylt føreset det vilje og evne frå politikarane til å finne dei gode og heilskaplege løysingane som står seg over tid. Det hastar med dei konkrete tiltaka og prosjekta som bidreg til å unngå kraftunderskot i 2027.