Blogg: Vi treng musklane til å løyse viktige oppgåver

1 oktober, 2021 | Innlegg

Det er mange store oppgåver som skal løysast dei komande åra. Vi treng kraft, styrke og fokus til å løyse desse viktige oppgåvene. Då bør ikkje ei ny regjering opne for å reversere Vestland fylke. Denne veka forlot SV sonderingane og det vert no forhandla om, og skrive plattform for, ei regjering utgått av Ap […]
blogg tommy

Det er mange store oppgåver som skal løysast dei komande åra. Vi treng kraft, styrke og fokus til å løyse desse viktige oppgåvene. Då bør ikkje ei ny regjering opne for å reversere Vestland fylke.

Denne veka forlot SV sonderingane og det vert no forhandla om, og skrive plattform for, ei regjering utgått av Ap og Sp. Denne vil truleg dermed vera klar til å gå på berre nokre dagar etter at finansminister Jan Tore Sanner har lagt fram Regjeringa Solberg sitt framlegg til statsbudsjett for 2022. 

Mange er no spente på kva som vert dei sentrale sakene i plattforma, og kva som vert prosjektet for den Støre-leia regjeringa som skal styre landet dei neste åra. Eit av områda det knyt seg spaning til er kva den nye regjeringa vil gjera med kommunane og fylka. Dei to partia har lova ulike ting, og det knyt seg no ein del spaning til kva som vert resultata og kompromissa i forhandlingane. 

Eit av dei store spørsmåla kring dette på Vestlandet er kva som skjer med Vestland fylke. Vert fylket splitta i to att? Vert det folkerøysting? Kven skal i so fall vera ein del av denne folkerøystinga? 

Eg trur ikkje ei ny regjering vil splitte opp igjen Vestland, og det trur eg dei gjer lurt i. Det har eg med anna også skrive om i Sogn Avis tidlegare. I åra som kjem vil Vestlandet stå ovanfor store utfordringar og oppgåver, men det er også høve til å gripe moglegheiter som vil koma, med anna som følgje av det grøne skiftet vi står midt i.

Særskilt næringsutvikling, og den krafta og potensialet som ligg i dette, er noko fleire eg snakkar med om denne saka trekk fram som viktige argumentet for å behalde Vestland fylke. Dette peika også årdalsordførar og sentralstyremedlem i Ap Hilmar Høl på når han tidlegare denne veka helste fylkestinget som hadde sitt møte i Sogndal. Les meir om det hjå Sogn Avis.

Framover vil vi trenge kraft, kapasitet og fokus til å løyse store oppgåver. Det handlar om samferdsel, det handlar om næringsutvikling, det handlar om utdanningstilbod og det handlar om å utvikla attraktive lokalsamfunn. For å nemna nokre av dei områda der fylkeskommunen har ei viktig. Når vi veit kor viktig det vert å finne gode løysingar på dette framover, og vi samstundes veit kor mykje økonomiske og personelle ressursar det krev å gjennomføra ei samanslåing eller splitting, trur eg det vil vera ei dårleg prioritering av tid, økonomi og personell framover.

Eg trur vi er tent med å nytte all kraft på dei andre viktige oppgåvene! Til det beste for regionen og dei som bur her!

Tommy Aarethun
Dagleg leiar (konst.)
Initiativ Vest

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This