Torsdag 08.04 deltok dagleg leiar i Initiativ Vest, Ole Rasmus Øvretveit, med eit innlegg på The Wilson Center’s Congressional Foreign Policy Arctic Masterclass. Konferansen samlar senior-tilsette i Kongressen og ekspertar for diskusjonar knytt til arktiske forhold.
– Det er viktig at Noreg og norske interesser er kopla tett på internasjonale prosessar og beslutningstakarar. Difor er vi glad for å kunne delta på denne viktige samlingen i regi av Wilson-senteret, seier Ole Rasmus Øvretveit.
Fokus på verdiskaping og moglegheiter i havet
I sitt innlegg fokuserte Øvretveit på å løfte fram utfordringar og moglegheiter knytt til den økonomiske utviklinga i og rundt havet i åra som kjem. Han adresserte og drøfta blant anna arbeidet som er gjort i regi av The High Level Panel for a Sustainable Ocean Economy, som statsminister Erna Solberg var ein av initiativtakarane til. Denne tematikken var også tema for eit webinar vi i Initiativ Vest arrangerte i desember 2020. Dette webinaret kan du lese meir om og sjå HER.
– Det er både store moglegheiter og utfordringar knytt til økonomisk utvikling i og rundt havet. Det er viktig at ein havnasjon som Noreg og ein havregion som Vestlandet føl denne utviklinga tett og bidreg til ei bærekraftig utvikling som også er i tråd med våre interesser, seier Øvretveit
I 2021 kjem ei bok der Øvretveit er medredaktør saman med blant anna forskarar frå Wilson-senteret som omhandlar tematikken.