Fredag 1. september samla vi det tredje kullet av Vestlandsakademiet til fysisk samling i Bergen. Valet på Vestlandet og retorikk og taleteknikk var tema for samlinga.
– For ein strålande gjeng. Allereie på den fyrste samlinga ser vi kva vi kan få til når vi samlar unge, engasjerte menneske på tvers av regionen. No ser eg fram til å høyre deira tankar og perspektiv om ei rekkje viktig saker – som det grøne skiftet, energi og samferdsle – gjennom det komande året, seier Tommy Aarethun som er prosjektleiar for Vestlandsakademiet i regi av Initiativ Vest.
Vestlandsakademiet samlar unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet, som energi, samferdsle, grøn næringsutvikling og kompetanse. Deltakarane i akademiet får tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.
På samlinga drøfta vi valet på Vestlandet, og kva som kan forklare svingingar og politiske trendar og utviklingstrekk på Vestlandet over tid. Etter ei innleiing frå dagleg leiar i Initiativ Vest, Mathias Fischer, presenterte deltakarane i akademiet som kjem frå ulike byar og regionar i landsdelen ulike perspektiv, saker og forklaringar.
I dei komande samlingane skal vi drøfte det grøne skiftet på Vestlandet, samferdsle, energi, kompetansebehov og regionale samarbeid. Tematikkar som vil vera sentrale for utviklinga av landsdelen i åra som kjem.
Nye røyster og perspektiv i samfunnsdebatten
Eit viktig bakteppe for etableringa av akademiet er eit ynskje om å bidra til å løfte fram nye unge røyster frå Vestlandet, som kan ta større plass og tilføre nye perspektiv til samfunnsdebatten i landsdelen.
I år som i dei to føregåande kulla hadde vi også i år henta inn ekspertise på området frå Apriil PR. Med Trond Albert Schjelbred i spissen, som i år hadde med seg Helena Haldorsen (Som var deltakar i det fyrste kullet av akademiet), har dei eit opplegg som gjev deltakarane både kunnskap og inspirasjon til å ta del i samfunnsdebatten.
Desse deltek i det tredje kullet av Vestlandsakademiet:
Gunnar H. Breivik – Bergen
Amalie D. Senneset – Førde
Jonas Nedretvedt – Bergen
Franceska Craga – Deknepollen
Ingrid K. Singelstad – Bergen
Amalie L. Aase – Bergen
Hans P. Farstad – Molde
Nikolai A. Valvik – Florø
Synne S. Helleland – Kvinnherad
Mai Lene F. Hæåk – Hå/Oslo
Alexander Papas – Stord
Nikolai Nordbotn – Stavanger
Lea Myklebust – Sogndal
Herman N. Beckstrøm – Osterøy
Johanne Kjerstad, Ålesund
Sigval Myhren – Herøy
Kaspar M. Coates – Bergen
Vilde N. Fredriksen – Bergen
Emma B. Ness – Viksdalen
Ulvar Akselsen – Stord
Morten Stene – Ølen
Nicole Boge –Vaksdal
Sanu Shaw – Karmøy
Elise Fiske – Ålesund
Falk D. Øveraas – Ålesund