Fyrste samling med nytt kull i Vestlandsakademiet

4 september, 2023 | Nyhende

Fredag 1. september samla vi det tredje kullet av Vestlandsakademiet til fysisk samling i Bergen. Valet på Vestlandet og retorikk og taleteknikk var tema for samlinga.  – For ein strålande gjeng. Allereie på den fyrste samlinga ser vi kva vi kan få til når vi samlar unge, engasjerte menneske på tvers av regionen. No ser […]


Fredag 1. september samla vi det tredje kullet av Vestlandsakademiet til fysisk samling i Bergen. Valet på Vestlandet og retorikk og taleteknikk var tema for samlinga. 

– For ein strålande gjeng. Allereie på den fyrste samlinga ser vi kva vi kan få til når vi samlar unge, engasjerte menneske på tvers av regionen. No ser eg fram til å høyre deira tankar og perspektiv om ei rekkje viktig saker – som det grøne skiftet, energi og samferdsle – gjennom det komande året, seier Tommy Aarethun som er prosjektleiar for Vestlandsakademiet i regi av Initiativ Vest.

Vestlandsakademiet samlar unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet, som energi, samferdsle, grøn næringsutvikling og kompetanse. Deltakarane i akademiet får tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.

va3 1693578375910


På samlinga drøfta vi valet på Vestlandet, og kva som kan forklare svingingar og politiske trendar og utviklingstrekk på Vestlandet over tid. Etter ei innleiing frå dagleg leiar i Initiativ Vest, Mathias Fischer, presenterte deltakarane i akademiet som kjem frå ulike byar og regionar i landsdelen ulike perspektiv, saker og forklaringar. 

I dei komande samlingane skal vi drøfte det grøne skiftet på Vestlandet, samferdsle, energi, kompetansebehov og regionale samarbeid. Tematikkar som vil vera sentrale for utviklinga av landsdelen i åra som kjem. 



Nye røyster og perspektiv i samfunnsdebatten

Eit viktig bakteppe for etableringa av akademiet er eit ynskje om å bidra til å løfte fram nye unge røyster frå Vestlandet, som kan ta større plass og tilføre nye perspektiv til samfunnsdebatten i landsdelen. 

I år som i dei to føregåande kulla hadde vi også i år henta inn ekspertise på området frå Apriil PR. Med Trond Albert Schjelbred i spissen, som i år hadde med seg Helena Haldorsen (Som var deltakar i det fyrste kullet av akademiet), har dei eit opplegg som gjev deltakarane både kunnskap og inspirasjon til å ta del i samfunnsdebatten.

Desse deltek i det tredje kullet av Vestlandsakademiet:

Gunnar H. Breivik – Bergen

Amalie D. Senneset – Førde

Jonas Nedretvedt – Bergen 

Franceska Craga – Deknepollen

Ingrid K. Singelstad – Bergen

Amalie L. Aase – Bergen

Hans P. Farstad – Molde 

Nikolai A. Valvik – Florø 

Synne S. Helleland – Kvinnherad

Mai Lene F. Hæåk – Hå/Oslo

Alexander Papas – Stord

Nikolai Nordbotn – Stavanger

Lea Myklebust – Sogndal

Herman N. Beckstrøm – Osterøy

Johanne Kjerstad, Ålesund

Sigval Myhren – Herøy

Kaspar M. Coates – Bergen 

Vilde N. Fredriksen – Bergen

Emma B. Ness – Viksdalen

Ulvar Akselsen – Stord 

Morten Stene – Ølen

Nicole Boge –Vaksdal

Sanu Shaw – Karmøy

Elise Fiske – Ålesund

Falk D. Øveraas – Ålesund

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This