Onsdag 11. mai hadde regjeringa pressekonferanse om havvind. For første gong talfesta regjeringa mål for installert norsk havvindkapasitet.
Målet er tildelte område på 30 GW innan 2040. Med ein kapasitetsfaktor på 0,5 vil det gje 131,4 TWh i året. Vindforholda er generelt gode i norske farvatn, med jamt høg og stabil vind, spesielt i vinterhalvåret. Det betyr at vi får auka produksjonskapasitet i den perioden av året då forbruket er høgast.
Det er positivt at vi for første gong får konkrete mål på installert kapasitet på norsk havvind. Men det er lenge til 2040, og målet er heller ikkje at det skal vera 30 GW installert i 2040. Målet er at alle areala skal vera tildelte, og det kan gå nokre år før eit tildelt areal er utbygd. Det er heller ingen klare delmål før 2040, noko det burde vore for å sikra god progresjon i havvindutbygginga.
Ambisjonane er på plass og vi har eit mål. Men viktige avklaringar manglar framleis når det gjeld økonomisk og juridisk rammeverk. Utan at dette er på plass, vert det ingen norske havvindparkar.
Havenergilova kom i 2010. I juni 2021 kom rettleiaren for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknader for vindkraft til havs og framlegg til endringar i havenergilova og forskrift. Dette vart sendt på høyring med svarfrist i august 2021, men er enno ikkje ferdig.
For å få til raske og gode prosessar er det viktig at styresmaktene no brukar breidda av eksisterande kunnskap frå næringsliv, universitet og forskingsinstitutt, kombinert med målretta innhenting av ny kunnskap for å fylla kunnskapshol.
Vi treng også å styrka utdanningskapasiteten. Skal vi lukkast med ei havvindsatsing, treng vi både å utdanna ungdom og å driva eit omfattande etter- og vidareutdanningsarbeid. Også på utdanningssida er det viktig å sikra å sikra at vi har kompetanse på alle nødvendige felt. Blant anna vil det vera viktig å sikra forvaltinga nok personar med riktig kompetanse.
Ei stor utbygging av havvind vil krevja god industriell kapasitet. Det betyr at det må vera incentiv for næringslivet til å satsa på havvind slik at leverandørindustrien i større grad brukar kapasiteten sin inn mot grøne næringar. Økonomisk rammeverk må vera tilpassa overgangen til grøn industri, og vi må unngå at økonomisk rammeverk verkar hemmande på omstillinga.
Innlegget var fyrst publisert på Guldbrandsen Frøysa sin LinkedIn-profil.
Er de dumme i Lom?
Det er ikke følelser mot fakta. Det er prioriteringer.