Måndag 16. mai hadde vi saman med Hub for Ocean møte med stortingsbenken i Sogn og Fjordane valkrins i Høyanger. Der snakka vi om koplinga mellom hav og samfunn.
Bakgrunnen for møtet var med anna ei oppfølging av hav-debatten vi arrangerte saman med Hub for Ocean i Florø i august 2021. På stortingsbenken til Sogn og Fjordane sit i denne perioda Erling Sande (Sp), Torbjørn Vereide (Ap), Olve Grotle (H) og Alfred Bjørlo (V). Dei deltok alle i møtet.
Etterlyste fleire vestlendingar i havdebatten
Vi har fleire gonger peika på at det er påfallande kor lite vestlendingar, og vestlandske politikarar, snakkar om havet. Blant anna er dette ein tematikk vi har sett søkelys på saman med The North West i Ålesund, og det var bakgrunnen for bolken vi hadde ansvaret for under årets The North West konferanse.
Løfta fram koplinga mellom hav og samfunn
Eit av felta som vart løfta fram i møtet var koplinga mellom det som skjer i havet, og det som skjer i samfunnet rundt. Dette er ein tematikk vi meiner det er viktig at Vestlandet, og vestlandske politikarar har større merksemd på framover. Ikkje minst fordi det skal skje svært mykje i havet framover, og fordi mykje av dette er avhengig av politikk og investeringar også på land.
– Vi ser alt no at ein del satsingar knytt til havet stoppar opp, med anna grunna manglande investeringar i naudsynt infrastruktur på land. Dette er eit av fleire dømer på kvifor ein må tenke meir heilskapleg kring dette framover, seier dagleg leiar Tommy Aarethun
Stad skipstunnel som case?
Mange snakkar om havet som løysinga på det meste, men når ein skal konkretisere politikk og satsingar vert det ofte meir uklårt. Vi trur det vil vera smart å finne dei gode prosjekta og satsingane, der ein både kan synlegjere betydinga og moglegheitene og konkretisere politikken.
– Vi trur at Stad skipstunnel, eit viktig prosjekt for Vestlandet og havnasjonen Noreg, kan vera eit godt case for å gjera koplinga mellom hav og samfunn tydelegare. Dette prosjektet er å kople havet med samfunnet, og det vil med anna få effektar for reiselivet og det vil verta nye bu- og arbeidsmarknadsregionar som vil opne opp for ei heilt anna samhandling langs kysten, seier Aarethun.
Foto: Hub for Ocean / Initiativ Vest