Ei rekkje ressurspersonar står bak ei ny nasjonal tankesmie med fotfeste på Vestlandet. Initiativ Vest skal leiast av tidlegare direktør i Arctic Frontiers, Ole Rasmus Øvretveit.
– Vi må tenke nytt om organiseringa av Noreg for å møte ei akselerande og kompleks samfunnsutvikling, seier styreleiar Pål W. Lorentzen.
Han er tidligare høgsterettsadvokat og grunnleggar av Norsk Klimastiftelse.
Store endringar og ei erkjenning av at det norske samfunnet ikkje er organisert på ein måte som gjer oss i stand til å møte desse er bakgrunnen for etableringa av den nye tankesmia. Dette handlar med anna om at Noreg er for sektorinndelt og sentralstyrt, og forholdet mellom sentrum og periferi.
– Vi meiner det må tenkast nytt om ei rekkje av desse spørsmåla i tida som kjem og vi meiner ei tankesmie vil vera bra både for Noreg og Vestlandet. Vi har følgt samfunnsutviklinga tett og meiner det trengs ei tydeleg stemme som både kan samle og utvikle heile regionen, og som tek ansvar for langsiktig tenking på viktige områder for Norge, seier Pål W. Lorentzen.
Dagleg leiar med bakgrunn frå internasjonalt vitskapsdiplomati
Tankesmia skal leiast av Ole Rasmus Øvretveit som tidlegare har vore direktør for Arctic Frontiers (AF) i Tromsø. Som direktør har han utvikla AF til å verta ein sentral agendasetter i det globale ordskiftet om Arktis, eit nasjonalt og i aukande grad eit internasjonalt partnarskap og ein av dei største møteplassane for diskusjon og dialog om arktiske spørsmål i verda.
– Vi må møte stadig meir komplekse og akselerande omstillingar med kunnskap, samarbeid og langsiktig tenking. Initiativ Vest skal leggje til rette for dette, seier daglig leder, Ole Rasmus Øvretveit
Initiativ Vest har i tillegg tilsett Tommy Aarethun som administrasjons- og kommunikasjonssjef. Aarethun har tidlegare vore rådgjevar for rektor ved Universitetet i Bergen og politisk rådgjevar og stabssjef for byrådsleiaren i Bergen.
Initiativ Vest sin overordna visjon er å bidra til å etablere Vestlandet som ein leiande havregion. Gjennom faktabasert kunnskap vil vi foreslå og setja i verk tiltak som styrkar denne visjonen.
Det er peika ut fire fokusområder som skal bidra til å nå visjonen:
– Makt og demokrati
– Infrastruktur og samfunn
– Vekst og velferd
– Ei samling av unge vestlendingar
– Vestlandet har dei beste føresetnader for å ta ei leiande rolle på hav og havspørsmål, dersom vi i større grad klarar å kople saman alle dei gode fagmiljø på tvers av regionar, fagmiljø og sektorar. Om vi samlar oss kan vi saman utvikle og fronte Vestlandet som ein leiande havregion, seier dagleg leiar Ole Rasmus Øvretveit
Ei sterk samling av ressurspersonar frå Vestlandet
Styret i Initiativ Vest er leia av initiativtakarane Pål W. Lorentzen (Bergen) som er høgsterettsadvokat og nestleiar Geir Inge Lunde (Bergen) som er tidlegare partner og leiar av PwC Bergen og Region Vest. Styret er elles breitt geografisk samansett av vestlendingar med tung og allsidig erfaring frå nærings- og samfunnsliv og akademia: Helge Singelstad (Bergen), Annik Magerholm Fet (Ålesund) Leif Johan Sevland (Stavanger), Anne Lise Fimreite (Bergen), Rolf Sanne-Gundersen (Sunnfjord), Marianne Jøssang (Stavanger), Solveig Røkenes (Haugesund), Anja Solevågseide (Ålesund).