Kva er Initiativ Vest?
Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Eit styrkja samarbeid på Vestlandet er naudsynt for å utløyse det store potensialet som fins her.
Initiativ Vest skal synleggjera moglegheiter og utfordringar i regionen og bidra til ordskiftet på Vestlandet og i Noreg gjennom formidling av kunnskap, meiningar og framlegg som bidreg til den utviklinga vi ynskjer.
Vi skal vera ein møtestad der samfunnsengasjerte menneske kan møtast, og der ulike meiningar og perspektiv frå samfunns- og næringsliv, politikk, forvaltning og akademia vert løfta fram og utvikla.
Initiativ Vest er organisert som ei allmennyttig stifting. Tankesmia har eit styre beståande av ti personar frå næringsliv, akademia og øvrig samfunnsliv på Vestlandet. Stiftinga mottek støtte av Agenda Vestlandet.
Har du spørsmål om Initiativ Vest? Ta kontakt på post@initiativvest.no
English version of this page
Click here to be directed to an english version of this page.
Lurer du på noe om Vestlandsakademiet?
Kontakt prosjektleder via ingrid@initiativvest.no
+ 47 416 98 612
Initiativ Vest skal
Vera ein leverandør av konkrete løysingar for realisering av Vestlandet sitt potensial, som nøkkel for omstillinga av Noreg
Fremje ny kunnskap og innsikt om regionen sitt bidrag til norsk økonomi og global verdiskaping
Skape møteplassar for å skape alliansar på tvers av næringar, klynger, geografi og kompetanseområder
Bidra til kunnskapsbaserte samfunnsdebattar og politiske avgjersler basert på verdiskaping og ringverknader
Utfordre etablerte oppfatningar om verdiskaping og maktstrukturar
Synlegjera regionen si nøkkelrolle i Noregs bidrag til løysinga av klimautfordringane gjennom produksjon av bærekraftig mat, fornybar energi og ein bærekraftig maritim sektor
Vestlandet si framtid må byggjast med utgangspunkt i tilliten, regionen sine naturressursar og talent. I tillegg meiner vi det er ein viktig føresetnad for utviklinga av Noreg at ein i større grad desentraliserer makt, slik at avgjersler vert fatta nærmare folk, naturressursar og verdiskapinga.