Styret i Initiativ Vest

Geir Inge Lunde (f.1961)

Geir Inge Lunde (f.1961)

Styreleiar

Bustad: Bergen
Tittel: Strategisk rådgjevar, styremedlem, investor

Les meir

Geir Inge Lunde er vaksen opp på Lundegrend i Sunnfjord. Han er utdanna siviløkonom, statsautorisert revisor og har ein MBA i strategisk leiing frå Norges Handelshøyskole (NHH). Lunde har meir enn 30 år med erfaring frå PwC som partner, leiar og revisor, og har lang erfaring som føredragshaldar innanfor samfunnsutvikling, strategi, leiarskap, digitalisering og personleg leiing.

Lunde var partner i PwC i perioden 1995 – 2019 og har vore ansvarleg revisor for børsnoterte selskap innanfor finans, sjømat, offshore, transport og industri. Han har vidare vore ansvarleg for større rådgjevingsoppdrag innanfor due diligence, oppkjøp og børsnoteringar.  I perioden 2000-2019 var han leiar av PwC Bergen og Region Vest. Lunde var medlem av PwC Norge si nasjonale leiargruppe i perioden 1998-2019 og var CFO i PwC Norge i perioden 2011-2019.  Han var medlem av klimaomstillingsutvalget som ble nedsatt av Civita, WWF og Norsk Klimastiftelse og som la frem sin rapport 24. september 2020.  Lunde er i dag strategisk rådgjevar, styrearbeidar og investor.

Helge Singelstad (f.1963)

Helge Singelstad (f.1963)

Nestleiar

Bustad: Bergen
Tittel: Adm.dir – Laco AS

Les meir

Helge Singelstad er vaksen opp på Tysnes i Sunnhordland. Han er utdanna ingeniør frå Bergen Ingeniørhøyskole, siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har grunnfag i jus frå Universitetet i Bergen. Han er no administrerande direktør i Laco AS med hovudkontor i Austevoll. Han har lang og omfattande erfaring frå oljeservice og sjømat.

Singelstad er i dag styreleiar i Lerøy Seafood Group ASA, Austevoll Seafood ASA og Pelagia Holding AS. Han er styremedlem i blant anna DOF ASA, DOF Subsea AS, Fitjar Mekaniske Verksted AS og Møgster Management AS.

Solveig Røkenes (f.1975)

Solveig Røkenes (f.1975)

Styremedlem

Bustad: Haugesund
Tittel: HR Forretningspartner -iteam

Les meir
Solveig Røkenes er vaksen opp på Torvastad, Karmøy. Ho har sin utdanning
som realfagslærer frå Universitetet i Bergen (UiB) og starta sin karriere på
Nordhordland videregående skole i 2000. Ein stilling som startar eit framleis
brennande engasjement for utdanning, digitalisering og omstilling. I 2008 byrja Røkenes som opplæringskonsulent for Maritimt Opplæringskontor Sør/Vest Norge.

Engasjementet og interessa for næringen førte ho vidare til rolla som dagleg leiar for Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland og sekretær i Haugesund Rederiforening. Her stod lokal og nasjonal næringspolitikk sentralt, i tillegg til synleggjering av moglegheiter og innovasjonskrafta i regionen si maritime klynge. I denne perioden var Røkenes også ansvarleg for større arrangement som Haugesundkonferansen og Subsea Operations Conference. Etter to år i Østensjø Rederi med fokus på kommunikasjon og kompetanse gikk vegen vidare til IT-sektoren.

Solveig arbeidar i dag som leiar for utvikling i IT selskapet Serit iDrift. Her støttar ho verksemder med digitaliseringstiltak som optimaliserar samarbeid og bedrar informasjonsflyten. I tillegg held ho kurs for å sikre at tiltaka som vert implementert får den ynskja effekten. Av tidlegare verv kan ein nemne styremedlem i Fagskolen Rogaland og Haugesund næringsforening, samt leiar av programkomiteen i Haugesundkonferansen.

Harald Minge (f.1965)

Harald Minge (f.1965)

Styremedlem

Bustad: Stavanger
Tittel: Adm.dir – Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Les meir

Harald Minge er fra Stavanger og har siden 2012 vært direktør for Næringsforeningen i Stavanger-regionen. 

Lene Trude Solheim (f.1972)

Lene Trude Solheim (f.1972)

Styremedlem

Bustad: Ulsteinvik
Tittel: Adm.dir – Næringsforeningen Ålesundsregionen

Les meir

Lene Trude Solheim er administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundsregionen. I tillegg er ho dagleg leiar i Hareid Fastlandssamband AS (HAFAST), som er eit regionalt samfunns- og utviklingsprosjekt som skal knytte saman den mest folketette regionen i Møre og Romsdal. 

Ho har lang fartstid frå den maritime næringa og har arbeida i over 20 år i Rolls Royce, Commercial Marine (No Kongsberg-gruppen) og Ulstein Group. Ho sit difor på svært mykje kunnskap om ei av dei fremste næringane på Vestlandet. 

 

Anne Karin Hamre (f.1965)

Anne Karin Hamre (f.1965)

Styremedlem

Bustad: Sogndal
Tittel: Direktør – Vestlandsforsking

Les meir

Anne Karin Hamre som er direktør ved Vestlandsforsking, eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og som er forankra i Vestland.

Tidlegare har Hamre med anna vore fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 2011 til 2018, og fram til ho vart tilsett som direktør ved Vestlandsforsking frå januar 2022 var ho ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.