Vestlandsintervjuet: Tiril Fjeld

9 mai, 2022 | Nyhende

- Dette er eit verdsmeisterskap, og vi er veldig glad for at nokon vel Vestlandet og Haugaland næringspark for ei slik satsing.

– Dette er eit verdsmeisterskap, og vi er veldig glad for at nokon vel Vestlandet og Haugaland Næringspark for ei slik satsing. I fyrste trinn betyr det 500 faste arbeidsplassar, og fullt utbygd kan det vera snakk om heile 2000 nye direkte arbeidsplassar i dette prosjektet åleine. Legg ein til aktivitet i byggjeperioden, alle ringverknadane og knoppskytingar er talet langt høgre, seier Tiril Fjeld.

tiril portrett

Tiril Fjeld

Nyleg vart nyhenda om at selskapet Beyonder har valt Haugaland næringspark som lokasjon for sin storskala batteriproduksjon kjent. I vestlandsintervjuet har vi denne gongen snakka med Tiril Fjeld, som er dagleg leiar i Haugaland Næringspark, om kva som ligg bak, kva dette vil bety og om hennar tankar om kva som vert viktig for næringslivet på Vestlandet framover.

– Dette er 20 års arbeid, og kjem som eit resultat av det som den gong var imponerande framoverlente eigarkommunar og ein samla region. Dei såg behovet for å samle seg om kvar areal- og energikrevjande industri i regionen skulle vera lokalisert.

Ho seier at området sin nærleik til allereie eksisterande industri og strategiske plassering er avgjerande, og er oppteken av å rosa og undrestreka tydinga av det arbeidet som har vore gjort i fleire fasar opp gjennom åra. Fjeld er også tydeleg imponert over at ein alt på den tida evna å tenka stort nok, og seier at denne prosessen syner kor viktig det er at ein evnar å tenke langsiktig og heilskapleg kring desse tinga. 

Infrastruktur må på plass for å utløyse potensialet

I vår prat trekk Fjeld fram viktigheita av at infrastruktur må på plass, og seier at grepa som er gjort kring Haugaland Næringspark og ikkje minst knytt til bygginga av Gismarvik hamn har vore heilt avgjerande. Ho peikar også på nærleiken til vegsamband som heilt sentralt. 

– Straumen må sjølvsagt fram, og er ein viktig prosess for oss som for alle andre i landet når ein snakkar om industrietableringar som ein del av det grøne skiftet.

– Utbygging av samferdsleprosjekt og logistikk, som Rogfast, Hordfast og E134, er superviktig for oss alle. Slik sett ligg vår næringspark godt plassert, men det er avgjerande for heile Vestlandet at vi klarer å lande desse store prosjekta. Her må vi få opp tempoet.

I vår prat peikar Fjeld også på behovet for at vi på Vestlandet har dei gode møteplassane, der vi minner kvarandre på at det vi her driv med er eit verdsmeisterskap. 

– Vi er svært gode kvar for oss, i våre eigne bedrifter og sektorar, og eg trur det ligg eit stort potensiale i å snakke tettare saman og samle oss om felles prosjekt, på tvers av det som somme gonger blir unødig «djupe fjordar». 

Vi må tore å prioritere og «gi gass»

– Eg trur det vert heilt avgjerande at vi som nasjon torer å gjera nokre tøffe prioriteringar framover, og at vi klarer å halde tempoet oppe på ein del viktige prosessar. Ikkje minst kva gjeld infrastruktur. 

Vidare peikar ho på at heile Noreg har mykje å vinne på at Vestlandet lukkast i dette verdsmeisterskapet, og seier mellom anna på at det som skjer her vil vera heilt avgjerande om Noreg til dømes skal lukkast med å auke eksporten. Som er ei politisk målsetjing. 

– Styresmaktene må leggja til rette, prioritere og bidra. Det er viktig for Noreg si framtid at vi lukkast i dette arbeidet, og klarer å skape nye arbeidsplassar i den energitransformasjonen vi har framføre oss.  

Regional nøkkelrolle 

Når det gjeld regionen, og fylkeskommunen, meiner Fjeld at dei særskilt har ei viktig rolle i å bidra til å sikre at vi har nok kompetanse til å utløyse potensialet. 

– Kompetanse er heilt avgjerande for oss, og her har fylkja ei nøkkelrolle. Ikkje minst gjennom ansvaret dei har for den vidaregåande opplæringa og fagskulen. Vi treng fleire fagarbeidarar, og industriarbeidarar.

Fjeld seier at ein på Haugalandet er godt stilt, og at mange vel yrkesfagleg utdanning. Likevel er ho svært oppteken av at dette må vera eit område ein har fokus på framover, og peikar på at fylkeskommunen i samspel med industrien vil verta heilt avgjerande for å lukkast her. 

– I tillegg har Rogaland fylkeskommune teke eit godt initiativ gjennom ein regional plan for areal- og kraftkrevjande verksemd, med mål om å leggja til rette for fleire etableringar. Når vi ser kor tidkrevjande denne type prosessar er, så er dette eit svært viktig arbeid.

Les meir om Rogaland fylkeskommune sitt arbeid med ein regional plan for areal- og kraftkrevjande industri her. Målet er at denne planen skal vedtakast før sumaren 2023.

HN logo pos 1

Haugaland Næringspark

Haugaland Næringspark er Norges største ferdigregulerte næringsområde med eget havneanlegg med dypvannskai, og tilgang på rikelig med fiber og kraft. Parken ligger ved Gismarvik i Tysvær kommune i Rogaland. Selskapet er eid av kommunene Karmøy, Haugesund, Tysvær, Vindafjord og Bokn.

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This