Vi lanserer ny nettside!

22 november, 2021 | Nyhende

Skjermbilde 2021 11 22 kl. 12.27.12

Initiativ Vest lanserer no våre nye nettsider. Målet er at det skal verte ein plattform som innbyr til samhandling, og til engasjement for samfunnsutviklinga på Vestlandet. 

– Vi er veldig glade for å no ha fått på plass ei ny og modernisert nettside! Den nye sida vil gi oss ein ny giv, og eg vil nytte høve til å takke Bølgen Media frå Sandnes for eit godt samarbeid, seier konstituert dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun

Eit av måla med skipinga av Initiativ Vest er at vi skal bidra til å synleggjera moglegheiter og utfordringar i regionen, og bidra til ordskiftet på Vestlandet og i Noreg gjennom formidling av kunnskap, meiningar og framlegg som bidreg til den utviklinga vi ynskjer.

– Initiativ Vest skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet. Gjennom dei nye nettsidene er målet å skape ein arena der samfunnsengasjerte vestlendingar kan hente informasjon, halde seg oppdatert på ting som skjer, og bidra i diskusjonar om viktige saker, seier Aarethun

Initiativ Vest skal vera ein møtestad der samfunnsengasjerte menneske kan møtast, og der ulike meiningar og perspektiv frå samfunns- og næringsliv, politikk, forvaltning og akademia vert løfta fram og utvikla.

– Nettsida vil vera ein kjerne i vårt arbeid, og her vil ein både kunne hente informasjon og la seg inspirere og engasjere av ulike meiningar og perspektiv. Vi vonar samfunnsengasjerte vestlendingar også vil bidra til å fylle plattforma med innhald framover, avsluttar Aarethun

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Fyrste samling med nytt kull i Vestlandsakademiet

Fyrste samling med nytt kull i Vestlandsakademiet

Fredag 1. september samla vi det tredje kullet av Vestlandsakademiet til fysisk samling i Bergen. Valet på Vestlandet og retorikk og taleteknikk var tema for samlinga.  - For ein strålande gjeng. Allereie på den fyrste samlinga ser vi kva vi kan få til når vi samlar...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This