
Initiativ Vest og NORCE inviterer saman til eit webinar om Vestlandet og det grøne skiftet. Her vil du få vite meir om kva som skjer innanfor det grøne skiftet i dei tre vestlandsfylka og om kva som kan og bør vera Vestlandet si rolle i det grøne skiftet framover.
I fyrste del av webinaret møter du forskingsleiar Sarah Eileen Gasda frå NORCE og ein representant frå næringslivet på Vestlandet. I andre del møter du dei tre fylkesordførarane – Marianne Chesak (Rogaland), Jon Askeland (Vestland) og Tove-Lise Torve (Møre og Romsdal) – i ein samtale om moglegheiter og utfordringar for Vestlandet i det grøne skiftet.
Webinaret er moderert av dagleg leiar i Initiativ Vest Ole Rasmus Øvretveit.