Måndag 07. desember arrangerte vi i Initiativ Vest eit webinar «Havpanelet – kva no?» der vi sette fokus på havpanelet sitt arbeid. Webinaret kan i sin heilskap sjåast HER.
Del 1 – Innleiing ved Vidar Helgesen kan sjåast HER.
Del 2 – Havet i krise & havet som løysing kan sjåast HER.
Del 3 – Bærekraftig havøkonomi kan sjåast HER.
Del 4 – Kva no? kan sjåast HER.
Havet er i krise, men har paradoksalt nok samtidig eit enormt potensial for å løyse planetens utfordringer, møte verdas ressursbehov, skape arbeidsplasser og bidra til økonomisk og sosial utvikling. Dette kan berre løysast ut gjennom bærekraftig vekst i havnæringane globalt.
Dette er bakteppet for det internasjonale høgnivåpanelet for bærekraftig havøkonomi, eller Erna Solbergs havpanel som det også vert kalla, som blei lansert våren 2018. Panelet vart leia av Palaus president Tommy Remengesau Jr. og statsminister Erna Solberg, og består av leiarar frå 14 kyststatar over heile verda. Havpanelet avslutta sitt politiske og faglege arbeide på slutten av 2020 med ein erklæring og fagrapportar som gir retning for framtida.
I dei ulike panela i webinaret deltok:
Vidar Helgesen – Norsk spesialrepresentant for havpanelet.
Ragnar Tveterås – Professor Universitetet i Stavanger
Lise Øvreås – Professor Universitetet i Bergen/Direktør Ocean Sustainability Bergen
Peter Haugan – Forskningssjef HI og leiar av ekspertgruppa for havpanelet
Hege Økland – Maritime Clean Tech
Ole Arve Misund – Direktør Norsk Polarinstitutt
Annik Magerholm Fet – Professor/prorektor NTNU
Harald Solberg – Direktør Norsk Redereiforbund
Sissel Rogne – Direktør Havforskingsinstituttet
Webinaret vart moderert av Ole Rasmus Øvretveit som er dagleg leiar i Initiativ Vest.
Webinar: Vestlandet og det grøne skiftet!
Initiativ Vest og NORCE inviterer saman til eit webinar om Vestlandet og det grøne skiftet. Her vil du få vite meir om kva som skjer innanfor det grøne skiftet i dei tre vestlandsfylka og om kva som kan og bør vera Vestlandet si rolle i det grøne skiftet framover. I...