Er det dette «å ta heile landet i bruk» betyr?

27 februar, 2023 | Innlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 24. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Eg er av dei som har lurt på kva «målet om å ta hele landet i bruk skal være gjennomgående i regjeringens prioriteringer og avgjørelser.» skulle bety i praksis. No kan vi ha fått svaret, og eg likar det i so fall […]

Dette var nyhendebrevet fredag 24. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Eg er av dei som har lurt på kva «målet om å ta hele landet i bruk skal være gjennomgående i regjeringens prioriteringer og avgjørelser.» skulle bety i praksis. No kan vi ha fått svaret, og eg likar det i so fall ikkje. 

Mange av oss hadde von om at den noverande regjeringa etter førre valkamp, der forholdet mellom sentrum og periferien fekk tydeleg plass, skulle gjera nokre større grep knytt til flytting av offentlege etatar og statlege arbeidsplassar ut frå hovudstaden. Vi vart styrkt i trua når vi las målsetjinga i plattforma.

Men det som kunne ha vore ein gylden anledning til å flytte offentlege etatar og statlege arbeidsplassar frå hovudstaden til andre norske byar ser heller ut til å bli nok ein kamp mellom dei andre byane. Regionale og lokale politikarar bør nytte årsmøtesesongen i dei politiske partia til å seia tydeleg frå om kva dei meiner om det, i media og i interne kanalar. 

Førre veke rapporterte Bergens Tidende om Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen sine flytteplanar, støtta av regjeringa sine krav om at nye stillingar skal plasserast utanfor Bergen. Over tid har pågått prosessar knytt til omorganisering internt i Fiskeridirektoratet. I fjor haust vart det kjent at direktøren ville avvikle hovudkontoret i Bergen.

Då vart det bråk og det heile enda det opp med at fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) etter press frå dåverande byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og andre bergenspolitikarar måtte rykke ut å slå fast at hovudkontoret framleis skulle ligge i Bergen.

Hovudkontoret skal altså liggje i Bergen, men fagmiljøet her skal no svekkast medan ein byggjer opp fagmiljøet i Nord-Noreg. Logisk? Nei. Uheldig? Ja. 

– Jeg aksepterer ikke prinsippet om at et direktorat som er ferdig utflyttet fra Oslo skal tappes for ressurser. Det er funksjonene i hovedstaden som bør flyttes ut, ikke de som er i Bergen, sa fylkesordførar Jon Askeland (Sp) til BT. 

Det er lett å slutte seg til. 

Vidare må det seiast å vera svært uheldig at politikarar og organisasjonar i ulike regionar i landet no må nytte tid og krefter på denne typen kampar, når ein heller burde ha danna felles front internt i sine parti og hjelpt regjeringa med å oppfylle si eiga målsetjing om å «ta heile landet i bruk». 

Den målsetjinga kan sjølvsagt ikkje bety at ein skal splitte opp og byggje ned solide fagmiljø som alt er lokalisert utanfor Oslo.

Då kan det nesten berre vera med heile greia!

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This