Frå og med 1. januar styrkar vi laget i Initiativ Vest med Nora Marie Mjølhus. Ho er tilsett i eit engasjement som kommunikasjonsrådgjevar fram til sumaren.
– Vi er veldig glade for å no få på plass ein ny medarbeidar som styrkjar laget vårt på kommunikasjon. Vårt mål er bidra til ordskiftet på Vestlandet og i Noreg gjennom formidling av kunnskap, meiningar og framlegg. Nora Marie vil gjeva oss eit heilt nytt løft på kommunikasjonsfeltet, seier dagleg leiar Tommy Aarethun
Nora er 22 år, kjem frå Stavanger og har ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen (UiB). Ho vil ha hovudansvaret for nettsida vår, i tillegg til kanalane i sosiale medier. I tillegg vil ho jobbe med kommunikasjon både internt og opp mot eksterne.
– Eg er veldig glad for denne spanande moglegheita til å bidra til å utvikle Vestlandet framover. Min viktigaste jobb blir å løfte fram både moglegheiter og utfordringar i regionen, og eg håpar at vi skal kome i kontakt med mange spanande vestlendingar, seier Nora Marie.
Nora byrja i jobben 3. januar 2022 og kan kontaktast på nora@initiativvest.no.