Vil regjeringa sleppe kommunane fri?

6 januar, 2022 | Blogginnlegg

Danskane vil gje kommunane meir makt. Vil den norske regjeringa følgje etter?

Statsministaren i Danmark, Mette Frederiksen, kom med fleire nyhende i sin nyttårstale. Ei av desse er at alle kommunar no skal setjast fri frå staten sine reglar og byråkrati. Det er ei utviding av det sokalla frikommuneforsøget, der sju kommunar har vore prøvekommunar og fått full fridom til å drive anten grunnskular, barnehagar eller eldreomsorg.


Ein norsk versjon av dette har tidlegare vore drøfta, men dåverande kommunal- og moderningseringsminister Nikolai Astrup sa den gong nei til ein norsk versjon. Ein som derimot var meir positiv til eit slikt forsøk var dåverande styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram, som no er blitt ny kommunal- og distriktsminister. «Kommuner trenger fritak fra lover og forskrifter for å kunne tenke nytt og skape bedre tjenester», sa Gram til Kommunal Rapport i 2020. Når den nye regjeringa, som Gram sjølv er ein del av, etter kvart no skal leggja fram både tillitsreform i offentleg sektor og ei ny distriktsmelding er det fleire høve til å følgja dette opp. Det vert spanande å følgja med på.


Det er elles også verd å nemne at Mette Frederiksen seier at ho ventar seg motstand, samstundes som ho peikar på at ho er den sjette statsministaren som no forsøker å gjera noko med utfordringane i byråkratiet. Det er ein parallell til situasjonen her heime, der ei rekkje NOUar og rapportar har peika på utfordringar knytt til samordning i byråkratiet utan at det har skjedd mykje på dette feltet. At ein forsøker å gjera grep i Danmark er prisverdig, og det er difor ekstra interessant å sjå om den nye norske regjeringa no vil følgje opp med liknande grep.  


Vi veit frå før at både Arbeiderpartiet og Senterpartiet har latt seg inspirere av danske tankar og idear dei siste åra. Blant anna knyt dette seg til desentralisering og desentraliseringspolitikken til den danske regjeringa som vert kalla «Tættere på». Når vi i tillegg veit at noverande kommunal- og distriktsminister Gram, i si tidlegare rolle har teke til ordet for eit slikt forsøk også i Noreg, aukar det etter mitt syn sjansane for at ein kan få eit slikt forsøk også i Noreg.


For den sitjande regjeringa, som no strevar med koronapandemien og straumkrisa, vil desentraliseringspolitikken verta eit viktig måleparameter ved det komande lokalvalet og ved neste stortingsval. Det hastar difor med å få på plass tankar og idear om korleis distriktspolitikken bør utvikla seg framover. Ei naturleg løysing for regjeringa kan då fort verta kaste eit blikk til vårt naboland i sør. 

Andre innlegg

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette var nyhendebrevet fredag 23. juni. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Heilt sidan Støre-regjeringa flytta inn regjeringskontora har det blitt bygd opp forventningar til distriktsmeldinga. Ikkje så rart når Senterpartiet sit i regjering. Då har...

Fem punkter fra RNB

Fem punkter fra RNB

Dette var nyhendebrevet fredag 12. mai. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Fra regjeringen i går rant det ut pressemeldinger som penger fra Oljefondet. Ikke bare ble revidert nasjonalbudsjett lagt fram, men flere andre nyheter ble sluppet denne...

Kva med oss som bur her då?

Kva med oss som bur her då?

Dette var nyhendebrevet fredag 28. april. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.For ei tid tilbake deltok eg på eit arrangement om kompetanse og rekruttering. I etterkant kom ein person bort til meg for å fortelja meg ei historie.  «Har du tenkt på kva...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This