Vestlandsakademiet drøfta det grøne skiftet på Vestlandet

9 oktober, 2023 | Nyhende, Vestlandsakademiet

Torsdag 5. oktober var det tid for den andre av seks samlingar med det tredje kullet i Vestlandsakademiet. Denne gongen var det grøne skiftet på Vestlandet tema for samlinga. I Vestlandsakademiet samlar vi unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og […]

Torsdag 5. oktober var det tid for den andre av seks samlingar med det tredje kullet i Vestlandsakademiet. Denne gongen var det grøne skiftet på Vestlandet tema for samlinga.

I Vestlandsakademiet samlar vi unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet, som næringsutvikling, energi, samferdsle, kompetanse og samarbeid.

Kva finn ein av moglegheiter og kva utfordringar må løysast om Vestlandet skal greie overgangen på ein god måte?

På samlinga snakka deltakarane i akademiet om behovet for kraft, eksport og skaleringspotensiale, NIMBY, koplingar mellom naturressursar og arbeidskraft, havvind, arealpolitikk, ENØK-tiltak og vasskrafta. For å nemna noko.

NHO sitt perspektiv på det grøne skiftet i regionen

Regiondirektør Helene Frihammer i NHO Vestland var invitert til å presentere sine og NHO sine perspektiv på kva som skal til for at Vestlandet skal lukkast med det grøne skiftet. 

I sitt innlegg var ho innom ei rekkje ulike moment og element som påverkar dette. Utfordringar med eksport og skalering var eit av område Frihammer løfta fram som eit område ein må ha søkelys på framover. Vidare peika ho på kommunane si rolle, og stilte spørsmålsteikn ved om desse gjer nok for å bidra til det grøne skiftet. 

Havvind – kva skal til for å lukkast?

Havvind er ei av bransjane som får størst merksemd og som er mest drøfta i det politiske ordskiftet. Men kva er eigentleg moglegheitsrommet og dei store utfordringane innanfor denne bransjen? Til å svare på dette hadde vi invitert kommunikasjonssjef Arne Vatnøy frå Norwegian Offshore Wind.

I sitt innlegg gjorde han greie for utviklinga i bransjen, kostnadsbiletet (og behovet for subsidiar) og ringverknadane utviklinga i bransjen vil ha for leverandørindustrien mm. 

Neste samling i akademiet er i desember og då skal vi rette merksemda mot samferdsle og meir spesifikt korleis arbeidet med ein Nasjonal transportplan (NTP) går føre seg. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This