Dette var nyhendebrevet fredag 17. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.
Foto: Thor Brødreskift
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Det skreiv Haldis Moren Vesaas i «Tung tids tale». Diktet er skrive under andre verdskrig med eit svært mørkt bakteppe og bodskapen er ikkje til å misforstå. Det var viktigare enn nokon gong å stå saman, i fellesskap.
Bodskapen til Siren Sundland i Sparebanken Vest under avslutninga av Vestlandskonferansen denne veka var heller ikkje til å misforstå. «Vi må stå saman, fordi vi er alle på same lag.» Bakteppet behovet for styrka samarbeid og samspel på Vestlandet, i møtet med store og krevjande oppgåver framover. For både næringsliv og samfunn.
Ein av dei som var henta inn til konferansen i år var Jay Van Bavel, ein kanadisk psykologiprofessor, som med anna er kjent for å ha skrive boka «The Power of Us». I sitt innlegg snakka han om identitet, og korleis denne kan bidra til å styre handlingane våre. Med anna illustrerte han det gjennom å syne fram handlingane til fotballsupportarar når dei vart minna på sine ulike identitetar.
– Menneskeheita må løyse kritiske spørsmål, som auka ulikheit, klimaendringar og demokratiske tilbakefall. Skal vi klare å løyse desse spørsmåla på ein effektiv måte, så må vi skjøne identitet si sentrale rolle i både samfunnsliv og politikk, seier Van Bavel.
Dei av oss som er opptekne av å bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet bør vera interesserte i dette, og eg trur vi framover må bruke meir tid på å snakke om kva «vi» og «oss» er når vi snakkar om Vestlandet. Kva har vi til felles av utfordringar og moglegheiter? Kva er det som foreinar oss? Kva er det som splittar oss? På kva måte kan vi, som stort sett sit i den same båten, dyrke den felles identiteten og i større grad ro i same retning?
I ein panelsamtale leia av vår daglege leiar, Mathias Fischer, i forkant av årets konferanse var både administrerande direktør Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger-regionen og administrerande direktør Monica Mæland i Bergen Næringsråd opptekne av dette, og kom med gode signal knytt til meir samarbeid mellom dei to byane framover. Eit liknande bodskap vart formidla av andre frå scena. Det er bra.
For i åra som kjem vil det bli mange kampar. Kamp om kraft. Kamp om kompetanse. Kamp om posisjonar og nye verdikjeder. Kamp om råmevilkår. Skal Vestlandet nå opp i desse kampane er det avgjerande at vi i fellesskap i større grad lukkast med å setja Vestlandet, og dei utfordringane, moglegheitene og interessene som er i denne landsdelen på kartet. Og får auka gjennomslag.
Harald Minge sa det godt når han poengterte at «næringslivet kjenner hverken kommune- eller fylkesgrenser». Det gjer heller ikkje kampane som ventar. Difor bør vi no heller rette blikket framover og byggje ein sterkare kultur for samarbeid. Det vil alle tene på i lengda.
Det ventar nok av både oppgåver, prosjekt og satsingar til kvar ein by på Vestlandet.
Og når alt kjem til alt sit tross alt vi vestlendingar stort sett i same båten!