Vil regjeringa overleve lokalvalet neste år?

15 september, 2022 | Innlegg

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret «Det er bra at det er tre år til neste stortingsvalg», innrømma statsminister Jonas Gahr Støre nyleg til VG i eit intervju. Det hadde bekymra meg om eg var ordførar i ein av landets kommunar. Det hadde bekymra meg veldig om eg var ein av dei 279 av 356 ordførarane som kjem […]

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

«Det er bra at det er tre år til neste stortingsvalg», innrømma statsminister Jonas Gahr Støre nyleg til VG i eit intervju. Det hadde bekymra meg om eg var ordførar i ein av landets kommunar. Det hadde bekymra meg veldig om eg var ein av dei 279 av 356 ordførarane som kjem frå regjeringspartia Senterpartiet og Arbeiderpartiet. 

Bakteppet for intervjuet med Støre er krigen i Europa, det som er venta å verta eit «historisk stramt statsbudsjett» og priskrisane som no rammar mange nordmenn. Regjeringa har fått mange tøffe saker i fanget, og det vil krevje mykje av oss alle å kome gjennom dette på ein nokolunde god måte.

Om ein studerer samfunnsdebatten den siste tida er det lett å sjå at det har gått ut ein tydeleg beskjed i dei to regjeringspartia om at dette vil verta tøft. Svært tøft. Tydelegast vart det kanskje for oss alle når finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) for nokre veker sidan inviterte eit samla pressekorps til økonomiforedrag, der målet var å senda tydelege signal om kva som var i vente. Det same er å lese ut av ei rekkje andre medieutspel, med anna intervjuet der statsministaren innrømmer at han er glad for at det er tre år til neste stortingsval. 

Med dagens målingar for regjeringspartia er det lett å forstå at han er glad for det. Heller ikkje Erna Solberg ville ha gleda seg til eit val no, sjølv om problemet med det komande lokalvalet er større for ei regjering som har så mange ordførarar, fylkesordførarar og byrådsleiarar. Dersom regjeringa handterer dei mange krisene ein no står i på ein god måte, vil det vera relativt god tid til å heve seg på målingane fram mot det neste stortingsvalet i 2025. Men vil den noverande regjeringa kome seg dit? 

Eg er ikkje av dei som trur at Senterpartiet vil forlate regjeringa før kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023, sjølv om ein alt har varsla at ein vil forlate regjeringa om EU si fjerde energipakke skulle bli vedteken. Det har eg svært lite tru på at vil skje i forkant av valet i 2023, då dei to partia er for bundne til og investert i dette regjeringsprosjektet. Derimot meiner eg det er meir interessant å sjå kva dynamikk ein vil få etter lokalvalet neste år, om dagens målingar skulle slå til. Nasjonale og internasjonale saker dominer den politiske dagsordenen i stor grad i desse dagar, og målingane vert i stor grad spegla av dette. Mantraet frå regjeringspartia om behovet for trygg økonomisk styring og ein finanspolitikk som skal bidra til å skjerme folk frå ein høgare og raskare renteauke enn naudsynt vil kunne gi regjeringspartia ein oppsving dersom ein lukkast, men eg trur den eventuelle oppsvingen fyrst vil kome i det neste stortingsvalet. 

Det varsla statsbudsjettet vil i tillegg gå utover enkeltprosjekt og hjartesaker for regjeringspartia over heile landet. I tillegg ser ein no at ein allereie er ute å avlyser viktige lovnadar i Hurdalsplattforma, som til dømes lovnaden om å auke det statlege bidraget til store kollektivprosjekt til 70%. Uansett kor viktig og riktig ein måtte meine at ein no må halde igjen og skru til, det er umogleg å kome utanom at det vil verta svært krevjande å reise rundt å dele ut roser og drikke kaffikoppar med folk for å fortelje om behovet for ein stram finanspolitikk og tøffe grep – på bekostning av andre lovnadar og hjartesaker. 

06. oktober legg regjeringa fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2023. Det vert eit frampeik på kor tøff vinteren vert, men også på kor tøft lokalvalet neste år vil verta for regjeringa.
I eit lokalval er det alltid nokre variasjonar frå dei nasjonale målingane, og det er i større grad eit personval der ein stemmer på einskildpersonar ein likar og/eller har stor tillit til. Det kan redde ein del for regjeringa, men med dagens utsikter kan lokalvalet neste år verta like tøft som den kommande vinteren for regjeringa. Om det skulle slå til trur eg det vil skape ein dynamikk som kan føre til at regjeringa kjem i spel, og då spørst det kor lang tid det vil ta før EU si fjerde energipakke vert leita fram frå ei skuff i departementskontora.  

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This