Dei rekordhøge straumprisane har ført til enorm merksemd kring kraft og energipolitikken. No er det naudsynt med både kortsiktige og langsiktige tiltak.
Denne hausten er straumprisen rekordhøg. Vanlege hushaldningar må på det meste i desse dagar ut med fleire hundrelappar ekstra per dag. Det fører til at forbrukarar vil få ei stor ekstrarekning. Det er viktig at det no raskt kjem på plass kraftfulle tiltak som avhjelper denne situasjonen, som for mange vil verta ganske dramatisk. Det er også viktig for å sikre legitimiteten til klima- og energipolitikken blant folk på lengre sikt.
I tillegg til dei kraftfulle tiltaka som raskt må på plass for å gjera noko med den akutte situasjonen kring straumprisane ein ser no, er det også naudsynt at vi klarar å ha ein annan tanke i hovudet samtidig: nemleg tiltak som vil sikre tilgongen på kraft til grøn industriutvikling og elektrifisisering av samfunnet. Vi veit at det norske samfunnet vil ha behov for vesentleg meir kraftproduksjon i framtida. Framskrivingane sprikar noko, men Statnett skriv sjølve i sin Nettutviklingsplan 2021 at dei må planlegge og dimensjonere for eit forbruk på 220 TWh i 2050, mot dagens forbruk på 140 TWh. Det er eit forbruk som gjer at til tross for at ein hentar ut potensialet i energieffektiviseringstiltak og oppdragering av noverande vasskraft også vil måtte byggje ut meir kraftproduksjon framover.
I DNV Gl sin Energi Transition Norway 2021 peikar dei fire hovudfunn, der to av punkta er verdt å merke seg i denne samanhengen:
– Det haster med å skalere opp kraftproduksjon for å kunne legge til rette for grønn industriell vekst og oppfylle avkarboniseringsmålene
– Norge har et solid fundament for å kunne skalere opp grønne eksportrettede industrier, men er avhengig av politisk støtte og virkningsfulle tiltak for å lykkes med omstillingen
Eit viktig element i dette vert framover å sikre at det er tilstrekkeleg med politisk kraft på plass til å sikre at ein har nok elektrisk kraft til å utløyse det enorme potensiale for grøn industriutvikling og samstundes oppfylle måla om utsleppskutt. Nyleg kom rapporten Vestlandsporteføljen 2021 der ein har kartlagt over 250 grøne innovasjonsprosjekt i Vestland fylke. 83 % av desse er såkalla kraftkrevjande prosjekt.
Det vert krevjande å sikre nok politiske kraft til å få gjennomført naudsynte tiltak for å sikre kraftsituasjonen framover, men kanskje kan den auka merksemda kring energipolitikk og kraftsituasjonen i samband med dei rekordhøgre straumprisane gjeva ei hjelpande hand til dette?
Etter mitt syn bør ein «utnytte» situasjonen ein no står i som «ein vekkar» for oss alle som fører til at ein raskt får på plass tiltak som bidreg til utbygging av nettkapasitet, ENØK-tiltak og meir kraftproduksjon for å møte auka kraftbehov i framtida. Elles kan det verta mange vintrar med høge straumrekningar i framtida.
Er de dumme i Lom?
Det er ikke følelser mot fakta. Det er prioriteringer.