Vårt universitet kan bidra til å løyse mange av utfordringane i regionen, og kompetanse er suksessfaktoren. No satsar Høgskulen på Vestlandet (HVL) endå meir på samhandling med omgjevnadane våre.
Det meste av kunnskapen vi utviklar, er utvikla i samarbeid med samfunnet rundt oss. No vil HVL gjere det endå lettare for omverda å ta initiativ til samarbeid med oss. På den nye nettsida vår kan du finne menneske hjå oss du kan ta kontakt med om du ønskjer ulike typar samarbeid innan forsking, utvikling og utdanning.
Viktigare enn nokosinne å jobbe saman
Kva ser du for deg når du høyrer ordet omstilling? Kanskje eit vegskilje, kanskje ei pil, eller ein stor knapp som du kan trykke på? Mest sannsynleg skjer det ikkje noko magisk nytt når du trykker på knappen, for omstilling er noko som skjer gradvis. Men tida vi er inne i er prega nettopp av at endringane skjer stadig raskare, og at det heile vegen oppstår behov for ny kunnskap. Både i helsevesenet, i industrien og andre stadar.
Dersom Vestlandet som region skal lukkast i dette omstillingslandskapet, treng me sterke og innovative utdannings- og forskingsinstitusjonar. Eg trur at kompetanse er suksessfaktoren for å lukkast. Men kompetanse skapar vi sjeldan åleine inne i vår eiga sfære – den skapar vi saman gjennom deling. Derfor satsar Høgskulen på Vestlandet (HVL) no endå meir på gode kontaktflater for samarbeid med omgjevnadane.
Me har no oppretta fire nye prodekan-stillingar for samhandling og regional utvikling, ein for kvart fakultet. I tillegg har kvar av våre fem campusar sin eigen samfunnskontakt. Me har dessutan oppretta ei ny avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring. Alle desse grepa viser at HVL meiner alvor når me seier at me vil forbetre samarbeidet med arbeidslivet og andre grupper der ute.
Samarbeid er grunnsteinen i byggverket
Vår profil er at me skal vere eit universitet som er tett på arbeidslivet både gjennom utdanninga og gjennom forskinga vår.
Til dømes har me studentar som skriv bachelor- og masteroppgåvene sine på oppdrag frå, eller i samarbeid med, kommunar og bedrifter. Kvart år er fleire tusen av våre studentar ute i praksis i barnehagar, skular, sjukeheim og på sjukehus, men også i avisredaksjonar eller andre plassar der dei kan få praktisk erfaring frå arbeidslivet.
Eg vil trekke fram eit døme på kva godt samarbeid kan føre til: Randi-Marie Pedersen og Jonas Juul Hermansen studerer master i innovasjon og entreprenørskap og er no blitt gründerar. Dei har saman med mellom anna Haukeland Universitetssjukehus utvikla eit verktøy dei kallar Adfectus, som skal hjelpe barn som er innlagt på sjukehus med å kommunisere med helsepersonell. Bakgrunnen er funna som viser at halvparten av barn som er innlagte på sjukehus ikkje veit kvifor dei er der.
Dette dømet viser korleis våre studentar bidrar direkte med å løyse ulike typar samfunnsutfordringar.
Fleirtalet av studentane blir att på Vestlandet
Det er ikkje berre studentane våre som er i kontakt med næringslivet eller med offentleg sektor. På forskingssida strekker vi også ut begge hender til omgjevnadane våre – og det me gjer skal vere nyttig for arbeidslivet. Ved vårt nye Maritime senter i Haugesund skal professorar jobbe i lag med industriekspertar. I Sogn og Fjordane skal lokale bedrifter og organisasjonar få eit teknologisk løft gjennom prosjektet vårt Teknoløft.
Det er samarbeid som dette som i den store samanhengen løfter og utviklar Vestlandet. For å finne nye løysingar og utvikle ny kunnskap må me sjå verda frå mange forskjellige blikk. Det er vår metode.
Me meiner at me betre kan utføre dette samfunnsoppdraget som eit sterkt og slagkraftig universitet. Ein del av dette bildet handlar om at me må vere ein attraktiv arbeidsgivar og samarbeidspartnar.
Ikkje minst handlar det om at me må tiltrekke oss studentar også i framtida, i konkurranse med andre utdanningsinstitusjonar i landet. Kandidatundersøkinga syner at 9 av 10 av våre kandidatar får relevant jobb raskt etter fullført studium, og at 8 av 10 blir att på Vestlandet. Med andre ord bidreg HVL til å styrke arbeidskrafta og kompetansen over heile landsdelen.
Noreg generelt og Vestlandet spesielt er inne i ei tid med mange og store utfordringar. Ikkje berre skal me erstatta oljejobbane med nye og grøne arbeidsplassar, me ser også at fleire kommunar slit med fråflytting og hjerneflukt til andre regionar. Derfor bør heile Vestlandet gå i saman for å sikre at kandidatar vel å utdanne seg her i vest, for det vil i sin tur skape arbeidsplassar og ny kompetanse.
Vestlandet treng eit arbeidslivsretta universitet
Ved å vera til stades regionalt i Bergen, Haugesund, i Førde, i Sogndal og på Stord, samstundes som vi har mange nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, har HVL eit unikt fortrinn som utdannings- og forskingsinstitusjon. Me kan i langt større grad enn andre vera tett på dei problemstillingane og behova som blir etterlyste lokalt i både by og bygd. Dette fortrinnet vil me bruka når me bygger det nye arbeidslivsretta universitetet.
HVL er også inne i ei omfattande omstilling. Målet vårt er å bli ein endå betre samarbeidspartnar for til dømes skular, barnehagar, kommunar, helseføretak, og privat næringsliv. Vestlandet treng eit arbeidslivsretta universitet også utanfor dei store byane. Å saman jobbe for å bli ein betre høgskule og etter kvart universitet, vil heva kvaliteten på alt me gjer. Eg vil avslutte med ein invitasjon – kom til oss og sei kva de treng. Me tek gjerne imot deg!
Forsidebilde: HVL \ Tove Takvam Uglum