Korleis tette kompetansegapet?

31 januar, 2022 | Blogginnlegg

12.01 Nettside headerbilder 2
NY RAPPORT LANSERT: NHO lanserte førre veke ein ny rapport, dimensjonering av utdanningstilbudet.




Seks av ti verksemder manglar folk med relevant kompetanse syner tal frå NHO-rapport. Korleis sikrar vi eit betre samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet på Vestlandet framover?

Du har kanskje høyrt om «livslang læring» eller «lære heile livet» som Solberg-regjeringa kalla det i si kompetansereform? Med eit arbeidsliv som stadig er i endring, og eit samfunn som står ovanfor store og komplekse utfordringar er det få ting som vert viktigare framover enn å sikre tilstrekkeleg kompetanse som er «tett på» utfordringane i næringslivet og offentleg sektor.  
 
Førre veke lanserte NHO ein ny rapport, Dimensjonering av utdanningstilbudet, som er utarbeida av Samfunnsøkonomisk analyse AS (SØA) på oppdrag frå NHO. Utgangspunktet for dette arbeidet er at eit fleirtal av NHO sine medlemsbedrifter i det årlege Kompetansebarometeret melder frå om eit udekt kompetansebehov. Det bør vera eit viktig bakteppe for drøftingar om korleis utdanningssektoren skal utvikla seg framover, for å dekke dette kompetansebehovet.

I rapporten vert det med anna peika på at det å styrka fagskulane står fram som det viktigaste tiltaket for utdanningssystemet som heilskap. Det harmonerer godt med det rektor ved Fagskulen i Vestland, Torbjørn Mjelstad, trakk fram når han haldt innlegg på nyttårsmøtet til Vestland fylkeskommune og peika på at at næringslivet i Vestland har stort behov for «tilgang på rett kompetanse der de er».  

Eit anna punkt som er omtala i rapporten og som også vart trekt fram under paneldebatten på lanseringa var praksis i utdanningane, og bruken av gjesteforelesingar. Framover er det heilt klart naudsynt å drøfte korleis ein kan styrke kontakten mellom arbeidslivet og utdanningssektoren ytterlegare, og kanskje er det vel så viktig å opne campus for eksterne gjesteforelesarar som å ha mål om at «alle» skal ut i praksis som del av utdanning? Det siste har vore eit mål lenge, men har synt seg vanskeleg å organisere i stor skala.  

Norske universitet og høgskular skal frå neste år av verta styrt etter tre overordna sektormål, i tillegg til utviklingsavtalar med kvar einskilde institusjon. Det eine av sektormåla, god tilgang til utdanning og kompetanse i heile landet, har i ei nyleg høyringsrunde hausta kritikk i sektoren – som meiner målet kan gå på bekostning av kvaliteten i utdanningane.  

Det burde ikkje kome som ei overrasking på nokon at denne regjeringa legg inn eit slikt sektormål. Ei heller er det særskilt overraskande at det vert reaksjonar på eit slikt mål frå aktørane i utdanningssektoren. Framover er det avgjerande at ein klarar å dekke kompetansebehovet i heile landet, samstundes som ein har leiande utdannings- og forskingsinstitusjonar. Difor treng vi alt frå fagskular til leiande breiddeuniversitet, men det verken kan eller bør vera eit mål at desse er mest mogleg like. Arbeidsdeling, mangfald og samarbeid mellom ulike typar institusjonar vil verta sentrale stikkord for å lukkast. 

I tillegg trur eg det vert heilt avgjerande at både kunnskapspolitikarar og leiande røyster i sektoren torer å tenkja nytt. Universitetet i Stavanger (UiS) lanserer no eit tilbod med desentralisert sjukepleiarutdanning i Ryfylke. Liknande tilbod finn ein ved Nord universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskulen på Vestlandet. Denne typen utdanningstilbod gjer det mogleg for til dømes Hanna Hurme frå Suldal, som ein kunne lese om i denne saka på NRK Rogaland, å ta sjukepleierutdanninga heimefrå. Som tobarnsmor buande 12 mil frå campus i Stavanger ville det ikkje vore mogleg for ho å pendle for å studere på vanleg vis. Gjennom denne typen studietilbod sikrar ein dermed at folk som bur stader utan etablerte utdanningsinstitusjonar får tilgang til ny kompetanse. Kompetanse som også er sårt tiltrengt for deira heimkommunar.

Andre innlegg

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette var nyhendebrevet fredag 23. juni. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Heilt sidan Støre-regjeringa flytta inn regjeringskontora har det blitt bygd opp forventningar til distriktsmeldinga. Ikkje så rart når Senterpartiet sit i regjering. Då har...

Fem punkter fra RNB

Fem punkter fra RNB

Dette var nyhendebrevet fredag 12. mai. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Fra regjeringen i går rant det ut pressemeldinger som penger fra Oljefondet. Ikke bare ble revidert nasjonalbudsjett lagt fram, men flere andre nyheter ble sluppet denne...

Kva med oss som bur her då?

Kva med oss som bur her då?

Dette var nyhendebrevet fredag 28. april. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.For ei tid tilbake deltok eg på eit arrangement om kompetanse og rekruttering. I etterkant kom ein person bort til meg for å fortelja meg ei historie.  «Har du tenkt på kva...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This