Blogg: FN sitt høgnivåmøte om havet

4 juni, 2021 | Blogginnlegg

Untitled design 7

Tysdag denne veka vart høgnivåmøte i påvente av FN sin 2. havnivåkonferanse (utsett grunna Covid-19) avvikla. Covid-19 umogeleggjer å gjennomføre store internasjonale konferansar men gjer det mogeleg for ei lita tankesmia i den nordvesteuropeiske periferien å ta del. 

Kenya og Portugal saman med FN sin havutsending Peter Thomson var medarrangør på debattrekkja. Kenya har ei seks punkts liste for si havsatsing. Det siste punktet handlar om rimelege husvære i kystsamfunn. Det er eit veldig konkret mål, men kanskje noko også Noreg kunne følgt opp Nordman-utvalet sin demografirapport med. Det ville vore eit alt for sjeldan døme på ei sør-nord løysingsutveksling. FN sitt utviklingsprogram (UNDP) sin leiar løfta fram at hav og land heng saman, langt tettare enn vi er vane med å tenke. Frå eit norsk kystperspektiv er det viktig å ta med oss vidare. Eit land som Noreg som tar ein internasjonal spydspissrolle må og sikre at kompetanse og talent er lokalisert tett på havet både fagleg og fysisk. 

Havet er vårt største økosystem. Hadde havet vore eit land hadde havet sitt bruttonasjonalprodukt (BNP) vore det femte største i verda med turn around på 1,5 billionar dollar per år. Koplinga mellom kunnskap og havforvaltning spelar ei nøkkelrolle. Men næringslivet bevegar seg no stadig nærare senter av scena i havutviklinga. Næringspotensialet i havet er enormt. Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi syner at den blå veksten kan vera ein stor del av nøkkelen til å nå 1,5-graders-målet. Men, havøkonomien har nokre store utfordringar:

A) på trass av havøkomien sin enorme storleik er den nær usynleg i statars nasjonalregnskap.
B) kostnader ved forureining og skader på havet må flyttast frå skattebetalarane til forureinar. 
C) vi treng eit aktivt og investerande næringsliv.
 
D) havøkonomien er delt inn i sektorar som hindrar effektiv utnytting av ressursar på tvers av energi, sjømat, opplevingar osv.

Slik er og forvaltninga innretta. Vi er alle avhengig av at havet blir godt forvalta. Men, skal investeringar som monnar i blågrøn vekst kome må forvaltninga vere kunnskapsbasert og effektiv. 

Dette heng saman med eit poeng som gjekk igjen under møtet: nemleg samarbeid og samhandling på tvers av sektorar og ei holistisk tilnærming til desse spørsmåla. Dette gjeld både på tvers av statar, bedrifter, forskingsinstitusjonar ol, men også på tvers av FN sine institusjonar. Dette er eit viktig poeng. Og det er eit poeng som lagar ekko i havlandet Noreg. Vi treng meir effektiv samhandling i den blå økonomien og i den grøne omstillinga. Skal Noreg følge opp forpliktinga og posisjon som høgnivåpanelet til Solberg legg opp til må også betre samarbeid på tvers av sektorar i forvaltninga til her heime. 

For, vi kan ikkje sjå desse sektorgrenser under vann. 

Ole Rasmus Øvretveit
Dagleg leiar, Initiativ Vest 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This