Blogg: Havdag i havlandet

8 juni, 2021 | Blogginnlegg

Untitled design 7

8. juni er den internasjonale havdagen. I dag er den fyrste havdagen i det internasjonale havtiåret. Havet si helse er ikkje bra. Samstundes må vi nytte ressursar frå havet i endå større grad i tiåra som kjem. Det vil krevje kunnskap og klokskap å navigere i dette farvatnet. 

I dette er miljøa langs Norskekysten godt posisjonert til å ta ei global leiarrolle. Ikkje minst langs vestlandskysten der sterke forskings- og næringsklynger lev tett på ein annan. Norske havbedrifter er gode på å operere i eit komplekst system der berekraft har høg prioritet. Det blir ofte underkommunisert at dei som har størst nytte av sunne og bærekraftige hav er dei som har levebrødet sitt knytt til det. Samstundes er den berekraftige forvaltninga eit internasjonalt føremon for Noreg og norske bedrifter. Men, i ei tid med raskare omstilling må den ikkje mangel på tempo i forvaltinga bli eit hinder for den blågrøne utviklinga.  

Noreg tok i 2018 ei leiarrolle i den internasjonale havutviklinga med etableringa av Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi. Her blir det med anna peika på at sjømat-uttaket frå verdas hav kan seksdoblast og at grøn havbasert energi kan aukast førti gongar. I tillegg kan hav gje så mykje som 25% av løysinga for å halde oppvarming godt under to grader gjennom å satse på dei to nemnte sektorane i tillegg til karbonfangst i sjøbotn, kyst-og marine økosystem og grøn skipsfart. Det er også dette vi må bygge den grøne omstillinga på her på Vestlandet.

Skal Noreg som havnasjon lede an i det globale havarbeidet trengs det at hav også kjem på den nasjonale dagsordenen og politiske agendaen, og at koblinga mellom hav og samfunn vert styrka. Havforskingsdirektør, Sissel Rogne halt i dag sin tredje havtale i samband med havdagen. Ho peika på at forvaltiniga er for koplisert og at samarbeid og samordning må styrkas. Dette er i tråd med FNs høgnivådebatt om hav i førige veke. Den store kompleksiteten i havforvaltninga reflekterer at berekraftig havforvaltning og balansen mellom vekst og vern er eit komplekst emne. Den vidare vegen mot sunne og produktive hav krev seriøs og smart kapital. Då må investorar vere trygg på at forvaltninga er forutsigbar, god og kunnskapsbasert. Men, den må og vere effektiv. Her bør Noreg strebe etter betre balanse mellom det å vere ein pådrivar for rask, samarbeidsbasert og holistisk forvaltning globalt og fragmentert, treg og komplisert forvaltning langs vår eigen kyst.  

Ole Rasmus Øvretveit
Dagleg leiar, Initiativ Vest 
 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This