Blogg: IEA-rapporten legg energiomstilling oppå havtiåret

21 mai, 2021 | Blogginnlegg

Untitled design 7

Med ei anbefaling om at ingen nye petroleumsfelt skal etablerast etter 2021 har det internasjonale energibyrået (IEA) sin årlege rapport fått stor merksemd etter at den kom ut på tysdag i denne veka.

Tradisjonelt har byrået vektlagt energitryggleik og med det vore varsam med å anbefale nedbygging av oljesektoren. Den siste rapporten bryt med denne lina. Energitryggleik er framleis viktig, men også i IEA ser ein at 1,5-graders-målet ikkje kan nås innan 2050 utan radikal omstilling av energimarknaden. For Noreg og Vestlandet må dette få konsekvensar. Desto lengre vi ventar med eit reelt grønt skifte desto større er risikoen for at vi blir sist i sporet. Risikoen for at vidare utbygging av sokkelen er feilinvesteringar aukar også med at olje og gass blir lagt under strengare avgiftsregimer internasjonalt og med den teknologiske utviklinga som reduserer verdien på olje etterkvart som grøne løysingar blir billegare.

I rapporten er åra fram til 2030 definert som energiomstillingstiåret. Det legg seg slik oppå havtiåret. Høgnivåpanelet for bærekraftig havøkonomi som la fram sin hovudrapport på tampen av fjoråret peikar på at havet kan stå for så mykje som ¼ av nøkkelen for å nå 1,5 gradersmålet. Rapportane er samstemt på at vind er ei sentral kjelde til fornybar energi og at sjeldne jordmineralar er viktige i energiomstillinga. Enorme mengder av mineraler ligg i havbotn. Både vind og mineralutvinning til havs er sektorar som norsk offshore-teknologi- og kompetanse kan nyttast. Det same gjeld havforskingskompetansen. Ikkje minst gjeld dette for å forstå effektane av både vind og undervass-mineralutvinning på økosystemet til havs.

Vi veit at det er enorme mengder mineraler i havbotn, men vi veit særs lite om konsekvensane av å utvinne desse. IEA-rapporten legg særskilt vekt på forsking og innovasjon. Her er ligge det store mogelegheiter i klyngene på vestlandet og generelt i koplinga mellom nærings- og forskingsmiljø langs vestlandskysten. IEA plasserer staten sentralt i finansieringa av omstillinga. Her er det viktig at krefter langs kysten er på ballen og stiller krav om at også norske myndigheiter brukar det grøne skiftet til å bygge nye industrimiljø i heile Noreg. 

Ole Rasmus Øvretveit
Dagleg leiar av Initiativ Vest

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This