Blogg: Energinasjonen må snakke meir om energi

26 mai, 2021 | Innlegg

Kvifor er det så sterke kjensler knytt til energipolitiske spørsmål? Kvifor er temperaturen så høg? Kvifor kokar kommentarfeltet kring desse spørsmåla? Kan det vera fordi energinasjonen Noreg ikkje snakkar nok om energipolitiske spørsmål?  I dag la NHO og LO fram ein energi- og industripolitisk plattform. Rapporten som er utarbeida i fellesskap mellom ei lang rekkje forbund og […]
Kraftartikkel

Kvifor er det så sterke kjensler knytt til energipolitiske spørsmål? Kvifor er temperaturen så høg? Kvifor kokar kommentarfeltet kring desse spørsmåla? Kan det vera fordi energinasjonen Noreg ikkje snakkar nok om energipolitiske spørsmål? 
 
I dag la NHO og LO fram ein energi- og industripolitisk plattform. Rapporten som er utarbeida i fellesskap mellom ei lang rekkje forbund og landsforeiningar kan du lese i sin heilskap HER. Det er positivt at sentrale aktørar som LO og NHO går saman om felles målbileter og ambisjonar. At viktige aktørar samlar seg om kunnskapsgrunnlag og retning vil vera ei rettesnor som politikarar og andre bør sjå til.  
 
Dei siste fem åra har gjennomsnittleg kraftforbruk i Noreg vore om lag 135 TWh. Dersom ein summerer målbiletet og ambisjonane i LO og NHO sin nye felles energi- og industripolitiske plattform vil desse samla kunne gjeve eit totalt kraftforbruk mellom 170 og 190 TWh i 2030. Det er markant høgre enn NVE sitt basisscenario for 2030 der anslaget er 154 TWh. Ein veit at både utbygging av meir kraftproduksjon og energiinfrastruktur er ein del av svaret på kva som skal til for å lukkast med målsetjingane for elektrifiseringa av samfunnet og for å skapa nye grøne arbeidsplassar.  

Kvifor snakkar ikkje energinasjonen Noreg meir om energispørsmål?  

Det har slått meg i det siste at det er påfallande kor lite energinasjonen Noreg snakkar om og drøftar energipolitiske spørsmål. Som ein stormakt både på olje/gass og fornybar kraft burde dette vera ein større del av den offentlege samtalen – blant politikarar men ikkje minst også i befolkninga elles.  
 
Med eit aukande kraftbehov i åra som kjem trur eg ein nøkkel for å lukkast med desse tinga er å snakke meir om dei. Energispørsmål, altså energiproduksjon, infrastrukturutvikling, nettleige, straumprisar, grøn kraftkrevjande industri osv. bør ikkje vera tema som berre vert drøfta av spesielt interesserte på Dax18 og på andre sektorspesifikke flater. Eg trur dette er med på å bidra til eit unaudsynt høgt konfliktnivå og ein polarisert debatt rundt svært viktige spørsmål. 
 
Den 11. juni kjem stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Den er det store forventningar til frå ulike aktørar med interesser på ulike områder. Det er bra, og det er viktig at denne kjem med konkrete løysingar på ei rekkje konkrete problemstillingar. Likevel har eg også eit von om at den også kan vera startskotet for ei dreiing av debatten rundt desse spørsmåla. Ei dreiing frå at dette er ein debatt blant spesielt interessert til ein større debatt om korleis ein skal utvikle framtidas energinasjon. Det er ein debatt fleire bør inkluderast i.  
 
Fagfeltet er svært innvikla og mykje av dette heng saman med store nasjonale og internasjonale system. Eg meiner politikarar, miljøorganisasjonar, kraftselskap, kraftkrevjande industri og alle andre som er opptekne av desse spørsmåla har felles interesse av å løfte debatten og kunnskapsnivået kring desse spørsmåla. Gjennom å auka kunnskapsnivået i befolkninga rundt desse spørsmåla er det von om at ein kan dempe konfliktnivået og dermed kunne drøfte seg fram til løysingar, kompromiss og forlik som vil stå seg over tid.  
 
Vidare ville det etter mitt syn ha vore svært spanande om ein kunne samle aktørar på tvers av interesser, ståstader og utgangspunkt for å sjå om det var mogleg å drøfte seg fram til felles forståing og breie forlik og kompromiss som ville stått seg over tid. Det ville openbart vorte tøffe debattar og vanskelege samtalar, men om ein hadde lukkast med å få til noko slikt ville det ha eit viktig bidrag til å lukkast med elektrifiseringa og omstillinga av energinasjonen. 
 
Tommy Aarethun 
Administrasjons- og kommunikasjonssjef i Initiativ Vest   
 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This