Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

30 september, 2022 | Nyhende

På den andre samlinga i Vestlandsakademiet var det grøne skiftet og korleis dette vil påverke Vestlandet tema. Tematikken er ein sentral del av ordskiftet, og vil prege samfunnsutviklinga i regionen iåra som kjem. Det er bakgrunnen for at denne tematikken også er viktig å drøfte blant dei unge vestlendingane i Vestlandsakademiet. Til å innleie var […]

På den andre samlinga i Vestlandsakademiet var det grøne skiftet og korleis dette vil påverke Vestlandet tema. Tematikken er ein sentral del av ordskiftet, og vil prege samfunnsutviklinga i regionen iåra som kjem. Det er bakgrunnen for at denne tematikken også er viktig å drøfte blant dei unge vestlendingane i Vestlandsakademiet.

Til å innleie var Lars-Henrik Paarup Michelsen frå Norsk Klimastiftelse, og Tiril Fjeld frå Haugaland næringspark henta inn. 

«Alt er endra»

Paarup Michelsen brukte mykje av tiden i sitt innlegg på det internasjonale biletet, og gav ei innføring i kva som har skjedd internasjonalt på dette feltet og på kva måte desse prosessane og forpliktingane påverkar Noreg og Vestlandet. Han presenterte med anna det arbeidet som no er vorte, og vert, gjort i EU i samband med Russland sitt angrep på Ukraina, og var tydeleg på at dette har «endra alt».

Mot slutten av sitt innlegg, og som eit oppspel til den påfølgjande debatten, presenterte han nokre moglegheiter og utfordringar sett frå Noreg og Vestlandet i møte med den situasjonen ein no står i. Sentralt i dette var dilemmaet ein no står i der EU på kort sikt som eit ledd i REPowerEU har behov for all gassen Noreg kan produsere, medan ein på lang sikt ikkje vil ha dette behovet når ein sjølv har fått bygd ut meir fornybar kraft.

Tidlegare har vi intervjua Lars-Henrik Paarup Michelsen som ein del av #Vestlandsintervjuet.

Utfordringar og moglegheiter på Haugalandet.

Haugalandet er eit av områda på Vestlandet der det skjer mykje knytt til det grøne skiftet. På samlinga i Vestlandsakademiet deltok Tiril Fjeld, som er dagleg leiar i Haugaland næringspark. Ho presenterte arbeidet som er gjort med å leggje til rette for nye grøne etableringar.

I sitt innlegg var Fjeld oppteken av det ho omtala som «krafta i det gode samarbeidet», og peika på dette som heilt avgjerande for arbeidet som er gjort i Haugaland næringspark. Næringsparken, som i dag er Noreg sitt største ferdigregulerte næringsområde, ligg i Tysvær kommune men selskapet er eigd av kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Vindafjord og Bokn.

Norges største ferdigregulerte næringsområde med eget havneanlegg med dypvannskai, og tilgang på rikelig med fiber og kraft. Parken ligger ved Gismarvik i Tysvær kommune i Rogaland. Selskapet er eid av kommunene Karmøy, Haugesund, Tysvær, Vindafjord og Bokn.

Tidlegare har vi intervjua Tirild Fjeld som ein del av #Vestlandsintervjuet.

Gode drøftingar blant deltakarane

Va samling 2

I etterkant av innlegg frå Paarup Michelsen og Fjeld drøfta deltakarane ei rekkje ulike tematikkar og problemstillingar knytt til det grøne skiftet på Vestlandet, fyrst i grupper og deretter i plenum.

Nokre utvalte problemstillingar som vart adressert:
– Korleis kan ein få til betre samarbeid knytt til den grøne omstillinga på Vestlandet?
– Kan Vestlandet «satse på alt» innanfor det grøne skiftet?

– Korleis sikre nok og riktig kompetanse
?
– Er tida inne for ein ny EU-debatt?
– Greier vi å balansere kortsiktige og langsiktige behov/utfordringar?

Eit anna tema som fekk plass i drøftingane var debatten knytt til vindkraft, der fleire peika på at det er behov for fleire nyansar i denne debatten for å kunne kome vidare. Ei av deltakarane i akademiet peika med anna på at ein burde vurdere å byggje ut vindkraft langs motorvegar og i industriområder som alt er bygd ut.

Neste samling i Vestlandsakademiet er i november, og då spør vi «Er Vestlandet verdas fremste havregion?«.

Vestlandsakademiet er ei samling av unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv. Målet er at dei skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet, og tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.

Les meir om Vestlandsakademiet og kven som deltek i kull 2 her.

Andre innlegg

Share This