Vestlandsintervjuet: Lars-Henrik Paarup Michelsen

9 mars, 2022 | Nyhende

– Vår ambisjon er å «breie ut» klimadebatten til eit større publikum, seier dagleg leiar i Norsk klimastiftelse Lars-Henrik Paarup Michelsen. Denne veka vert klimafestivalen Varmere Våtere Villere arrangert i Bergen.
04.03 Nettside thumbnail 3
Dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse, Lars-Henrik Paarup Michelsen. Foto: Eivind Senneset

Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse. Han kjem frå Austevoll og har arbeida i stiftinga sidan 2012. Han kjenner difor godt til kva som rører seg i klima- og energipolitikken, og kva moglegheiter og utfordringar som finnes for Vestlandet i møtet med det grøne skiftet. Tidlegare har han vore leiar av Unge Venstre (2003-2007) og jobba seinare i Datatilsynet og som rådgjevar i Venstre.

33695031876 85583a87c2 o

Norsk klimastiftelse er Noreg si grøne tankesmie.

Den vart etablert i 2010 som ei ikkje-komersiell stifting som arbeider for ei samfunn utan utslepp av menneskeskapte klimagassar. Dei har hovudkontor i Bergen og arbeider breitt innanfor klima- og energifeltet.

Les meir om Norsk Klimastiftelse her.

– Den aller største fordelen til Vestlandet er folka og mentaliteten. Det merkar du raskt når du reiser rundt i landsdelen og ser på «driven» som gjennomsyrer alt. Det gjorde at vi lukkast offshore, og det er fundamentet for å lukkast med nye næringar.

Lars-Henrik Paarup Michelsen


– Vestlandet er i «pole position». Det byr no både på moglegheiter og utfordringar i møtet med den omstillinga vi no står i. Vi har lange tradisjonar med ein konkurransedyktig og kraftintensiv industri og store mengder fornybar kraft, men vi ser også no at ein må seia nei til ein del nye prosjekt grunna manglande overføringskapasitet.   

Han peikar på viktigheita av at ein får gjort noko med desse utfordringane raskt, for å leggje til rette for og utløyse potensialet.  

Ser to farevarsel 
Klima- og energipolitikken er tett veva saman med, og knytt til det som skjer internasjonalt. Ikkje minst i EU. Difor gjorde Norsk Klimastiftelse i fjor eit grep, då dei gjennom si eiga nettavis Energi og Klima, fekk på plass sin eigen korrespondent i Brussel.  
 
– Det er ein fare at vi no mistolkar det europeiske skiftet. Då tenker eg særskilt på den farten og skalaen vi no ser på grøn omstilling i Europa.  
 
Han peikar på alt som har skjedd i EU dei seinare åra knytt til EU sin grønne giv (EU Green Deal). Vidare peikar han på at endringar i den geopolitiske situasjonen knytt til krigen i Ukraina ytterlegare har akselerert dette.  
 
– Dette har plutseleg snudd opp ned på europeisk energipolitikk, fordi ein no har slått fast at det hastar for Europa å bli uavhengig av russisk gass.  
 
Michelsen er i tillegg bekymra for at ein blandar saman det kortsiktige og langsiktige biletet.  

– Norsk gass er i dag ekstremt etterspurt, og vi må sjølvsagt bidra med å forsyne Europa med alt det vi har no.  

Ursula von der Leyen holds a press conference on COVID variant B.1.1.529 1 1
-Det er ein fare at vi no mistolkar det europeiske skiftet, seier Lars-Henrik Paarup Michelsen. Foto: Wikimedia Commons

Han meiner derimot det er ei kortslutting om ein brukar det akutte behovet no som ei brekkstang til å byggje ut meir i Barentshavet, og minner om at ledetida frå prosjektering til ein kan hente ut den gassen tek veldig lang tid.  
 
– Vi må greie å i større grad skile mellom det korte og det lange biletet framover, og eg er difor bekymra for tendensen der ein del no «miksar» det kortsiktige akutte behovet med dei langsiktige investeringane. 
 
– Dette er også ei stor fare for Vestlandet, då ein risikerer at ein binder opp kapitalen og kompetansen til ein industri som vi på eit eller anna tidspunkt veit at vi er nøydde til å kome oss ut frå – ikkje minst for å byggje opp dei nye grøne næringane i regionen. 

 
Les dette notatet frå Norsk Klimastiftelse i frå 2020 som er ein introduksjon til EU sin grøne giv.  

Vi burde i større grad hatt eit industriblikk på havvind 
Det fyrste arbeidet Norsk Klimastiftelse gjorde når ein vart skipa for over 10 år sidan var ein rapport knytt til moglegheitene for havvind i Noreg.  
 
– Vi skisserte tre scenario: Vekstscenario, eit mellomscenario og eit scenario der det ikkje skjer noko. Diverre slo det mest konservative til. Eg trur det i stor grad handlar om at ein har gjort havvind til eit nasjonalt straumforsyningstiltak, og i for liten grad tatt på seg industri-brillene.  

insung yoon Ya31EKiTfJM unsplash 1
Det fyrste arbeidet Norsk Klimastiftelse gjorde når ein vart skipa for over 10 år sidan var ein rapport knytt til moglegheitene for havvind i Noreg. Foto: Unsplash

Han syner til at ein i andre land, med anna Danmark, i større grad har teke på seg «industri-brillene» når ein byggjer ut havvind, og at det ikkje berre er for å produsere energi til eige forbruk. Det gjer i følgje han at ein også nyttar litt andre rekneark når ein skal «rekne heim» prosjekta.

 – Hadde vi i større grad hatt eit industriblikk på havvind ville ein også fått ein annan debatt knytt til dette, enn om vi skal bygge «ein skøyteledning» til Europa eller ikkje. Skal dette kunne bli av ein skala som gjer at det i framtida vert ein stor industri for Noreg vil det uansett produsere langt meir kraft enn kva vi vil trenge sjølve.  
 
Michelsen peikar på at ein Danmark har fått ei anna utvikling ikkje minst fordi ein ikkje er så knytt til olje- og gassnæringa som det ein er i Noreg, og peiker med anna på at det under Covid-19 førte til ulike utfall i dei to landa.  
 
Medan ein i Noreg raskt fekk ein politisk debatt om krisepakker til denne olje- og gassnæringa, har ein i Danmark nytta dette til å ytterlegare skalere opp utbygginga av fornybar og energiøyene som ein no byggjer ut.  
 
Bør vurdere endringar i mandatet til energikommisjonen 
Nyleg lanserte regjeringa mandatet og medlemmane i energikommisjonen. Michelsen er bekymra for at det no skjer so store og raske endringar internasjonalt at det ikkje er tid til å vente på arbeidet til energikommisjonen.  
 
– Vi set no ned ein energikommisjon for å greie ut dei lange linene i energipolitikken, og finne ut av korleis vi som nasjon kan produsere meir fornybar kraft og korleis vi skal frakte krafta. Samstundes «så greier EU no ut ting over ei helg» og så kjem det ein handlingsplan veka etter.  
 
Det er noko med farten og utomoldigheita, og frykta er at vi ikkje heng med det på enorme tempoet ein no ser.  
 
– Mi frykt for energikommisjonen er at det vert ei sovepute for alt som er politisk vanskeleg. At ein seier at ein skal avvente arbeidet til energikommisjonen, og så kjem ein berre med ting der som «ikkje flytter nokon ting».  
 
Michelsen meiner det kan vera gode grunnar til å sjå på mandatet, og minner om at det no ser ut til at ting som for berre nokre dagar sidan var heilt utenkeleg no plutseleg synast å vera mogleg.  
 
– Om eg var den nye olje- og energiministaren ville eg i alle fall ha teke ein kikk på mandatet. Ein bør sjå på om mandatet er oppdatert, og om det bør spissast som følgje av endringar i verdsituasjonen.  
 
I tillegg meiner han det er grep ein kan gjera alt i dag, som det ikkje er naudsynt å greie ut ytterlegare, og som kan bidra positivt. Han peiker med anna på energieffektivisering og maksimering av potensialet for lokalt produsert kraft.  
 
Ynskjer å breie ut klimadebatten  
Denne veka vert klimafestivalen Varmere Våtere Villere arrangert i Bergen. Målsetjinga er å gjera klimadebatten meir tilgjengeleg og engasjerande, og Norsk Klimastiftelse er ein av ei rekkje aktørar som står bak dette initiativet.  

Skjermbilde 2022 03 09 kl. 09.39.40
Varmere, Våtere og Villere går av stabelen den 9.-11. mars. Foto: Skjermdump fra nettsida.


 
Sjekk ut programmet for festivalen her.  
 
– Vår ambisjon er å «breie ut» klimadebatten til eit større publikum. Det betyr også at alle innleiarar har fått tydeleg beskjed om å leggje att stammespråket heime. Du skal ikkje måtte ha doktorgrad for å henge med i svingane her.  
 
Eit viktig mål med konferansen er å leggje til rette for å drøfte vanskelege spørsmål med det Michelsen omtalar som «innestemme», og der ein lyttar til motførestillingar og andre synspunkt enn det ein sjølv har. Det er også ei erkjenning av at det er mange reelle dilemma på vegen mot den omstillinga vi skal gjennom. Han seier at sjølv om vi veit vi har dårleg tid, har vi langt frå alle svara. 

– Vi treng å drøfte desse vanskelege temaene i Noreg. Klimadebatten er ekstremt konfliktfylt i Noreg. Det ser vi med anna på vindkraftdebatten, og vi ser det på debatten kring oljeutvinning. Begge stader har du skarpe frontar. Det er viktig å skape nokre arenaer der vi kan snakke ut om desse tinga er viktig.  
 
Michelsen er stolt av å kunne arrangere eit slikt arrangement i Bergen. 
 
– Det er sjølvsagt ekstra gøy for oss som har hovudkontor i Bergen at vi kan etablere ein slik møteplass her på Vestlandet. Målet er at dette om nokre år er den naturlege arenaen for alle som jobbar med og er opptekne av desse spørsmåla, og at dei kjem til Bergen desse dagane.  

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Her er Vestlandsakademiet 2024/25

Her er Vestlandsakademiet 2024/25

Vestlandsakademiet skal løfte fram nye, unge stemmer fra Vestlandet. Deltakerne får tilgang til ny kunnskap, nye perspektiver og et nettverk som strekker seg langs hele kysten.

Share This