Framlegg om «flytterett» på agendaen i Stortinget

21 mars, 2022 | Nyhende

Fredag 18. mars handsama Stortinget ein interpellasjon frå stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) om desentralisering av statlege arbeidsplassar, og om flytterett. Eit av framlegga som vart løfta i debatten kjem frå oss i Initiativ Vest. 

Framlegga til utvala leia av Svein Richard Brandtzæg om næringslivet si tyding for utvikling i distrikta, og Victor Norman om demografiutfordringar var ein sentral del av debatten. Framlegga er også nemnt i Hurdalsplattforma, og regjeringa har varsla at dette vil verta ein sentral del av distriktsmeldinga som er venta våren 2023. Det gjentok statsråden i debatten i Stortinget fredag 18. mars.

Framlegg frå Initiativ Vest vart løfta fram i debatten 
Under sitt innleiande innlegg i debatten løfta Alfred Bjørlo (V) med anna fram eit framlegg frå 2021, der vår dagleg leiar Tommy Aarethun tok til ordet for at ein «flyttegaranti for jobb nummer to», som noko som burde vurderast av regjeringa i deira arbeid på dette området.

Eit anna element som fekk plass i debatten, og som vil verta omtala i arbeidet med distriktsmeldinga er erfaringane med pilotordninga kring Statens Hus i utvalte kommunar. Stad kommune på Vestlandet har vore ein av pilotane. 

Supplement til statleg lokalisering i distrikta 
Statsråd Bjørn Arild Gram (Sp) understreka tydeleg i debatten at han og regjeringa meiner at fjernarbeid må kome som tillegg til statleg lokalisering i distrikta, og ikkje som ei erstatning. Vararepresentanten Lise May Sæle (H) deltok også i debatten. Ho understreka kor viktig statlege arbeidsplassar kan vera som «katalysatorar» for utviklinga i det ho omtala som «distriktshubar». Ho var også oppteken av at ein no bør ta aktive grep for å spreie kunnskap og arbeidsplassar rundt om i heile landet.

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) understreka det same som statsråden var oppteken av, og peika på at det også er viktig kvar leiinga av dei statlege verksemdene held til og at det også må vera eit mål å flytte desse ut i større grad. 

Høyr heile debatten i Stortinget frå fredag 18. mars (etter 02:58) her

Foto: Stortinget

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringar

Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringar

No må barrierane brytast ned. Det vart konklusjonen når Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringane ein står ovanfor. Torsdag 12. januar var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til den fjerde av seks samlingar. Denne gongen var kompetanse...

Nytt notat: Vestlandet dårligst representert i regjering

Nytt notat: Vestlandet dårligst representert i regjering

I et nytt notat har vi kartlagt den geografiske representasjonen i regjeringene fra Syse til Støre. Last ned PDF. Det betyr noe hvor du kommer fra. I norsk politikk er det en lang tradisjon for å være bevisst på geografisk fordeling.  Valgordningen er rigget for...

Søk masterstipend fra Initiativ Vest

Søk masterstipend fra Initiativ Vest

Vil du skrive mastergrad om energi, samferdsel eller maktproblematikk på Vestlandet? Vi lyser ut inntil to masterstipend fra høsten 2023. Alle fagretninger kan være aktuelle, så lenge det dekker ett av disse tre områdene:  Energi Temaer som Vestlandets fremtidige...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This