Innlegg: Flyttegaranti for jobb nummer to?

21 april, 2021 | Blogginnlegg

Dette innlegget stod fyrst på trykk i Dagsavisen og Rogalands Avis 20.04.2021.

Når eg snakkar med folk om jobb og flytting frå by til bygd er det ein ting som nærmast alltid går igjen: «det er jobb nummer to som er problemet». Kanskje burde vi få til ei prøveordning med «flyttegaranti for jobb nummer to»? 

Tenk deg Knut (32) og Julie (33). Dei har to born og har lenge ynskja å flytte til ein annan stad, men bur no i Oslo grunna at dei begge no arbeider i kvar sitt departement. Så får Julie tilbod om ein spanande jobb i heimkommunen sin, men dei vegrar seg for å flytte då det er særs vanskeleg for Knut å få seg jobb i denne regionen. For at Julie skulle kunne takke ja til denne jobben, og dei flytte heim, må dei i så fall seia opp dei to jobbane sine og gå ei usikker framtid i møte kva gjeld Knut sin jobbstatus. Det vert difor ikkje aktuelt å flytte. 

Kva om staten gjekk framføre og forsøkte å gjera noko med dette? 

I mars skjedde det ei historisk utlysing då Nærings- og fiskeridepartementet opna for å tilsette medarbeidarar tilknytt departementskontora i Oslo, som kan ha anna arbeidsstad enn Oslo-området. Det er spanande, som på same måte som den utstrakte digitaliseringa og heimekontorbruken under koronapandemien, vil kunne opne for nytenking kring organiseringa av staten og korleis ein arbeider. I fyrste omgang er utlysinga ei prøveordning, men det er von om at den kan inspirere til nytenking på dette feltet. Forsøk med fleire desentraliserte einingar i statlege verksemder for å oppnå økt statleg sysselsetting i distrikta var også eit av tiltaka Victor Norman og hans utval peika på når dei la fram sin NOU før jul. Dei oppmoda også til ein verkemiddeldugnad med nye tiltak, og her er eit slikt innspel: 

Kva om staten innførte ei anna prøveordning, der ein automatisk fekk lov til å flytte med seg den statlege jobben sin til ein annan stad dersom sambuar eller ektefelle fekk seg ein jobb ein annan stad? Det må sjølvsagt sikkert vera nokre unntak for enkelte heilt særskilte stillingar, og ein måtte ha lagt inn ei ordning der ein evaluerte etter til dømes to år. Likevel ville dette ha vore ein ny og spanande måte å tenke på som truleg ville kunne ha gjort noko med det som for mange er den store barrieren når det er aktuelt å flytte: jobb nummer 2. Truleg vil ikkje dette føre til eit skred av utflytting, men ei slik ordning vil truleg bety svært mykje for dei det gjeld. 

For å sikre at dette vert ein saumlaus og lite byråkratisk ordning kunne til dømes kommunar og næringsforeiningar fasilitert ordningar der ein fekk tilgang på kontorplass i eit kontorlandskap, eller på andre måtar bidrege til at dette praktisk kunne la seg gjennomføre. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This