Fyrste samling for nytt kull i Vestlandsakademiet!

26 august, 2022 | Nyhende

I dag var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til si fyrste samling. Eit viktig mål med akademiet er å leggja til rette for eit styrka samarbeid på Vestlandet, og gjeva unge samfunnsengasjerte Vestlendingar verktøy til å ta større plass i samfunnsdebatten! – Det er fantastisk moro og inspirerande å kunne samlast fysisk. Dette er unge menneske […]

I dag var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til si fyrste samling. Eit viktig mål med akademiet er å leggja til rette for eit styrka samarbeid på Vestlandet, og gjeva unge samfunnsengasjerte Vestlendingar verktøy til å ta større plass i samfunnsdebatten!

– Det er fantastisk moro og inspirerande å kunne samlast fysisk. Dette er unge menneske som ynskjer å ta del i utviklinga av Vestlandet i åra som kjem, og vi er svært glade for at dei syner interesse for å delta i Vestlandsakademiet, seier dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun 

Under samlinga på Flesland i Bergen var det fokus på retorikk og kommunikasjon, og målsetjinga er å utvida verktøykassene for at ein skal kunne ta større plass i samfunnsdebattar. Selskapet Apriil, var i år som i fjor hyra inn til å bidra til dette opplegget og Trond Albert Skjelbred og Silje Ulveseth serverte deltakarane både tips og utfordringar. 

– Dagens unge vil spele ei heilt sentral rolle for at Vestlandet skal lukkast framover. Det er ein viktig del av bakgrunnen for kvifor vi har valt å skipa Vestlandsakademiet. Vi trur at det vi gjer i Vestlandsakademiet vil bidra til at fleire unge på Vestlandet deltek i viktige debattar om korleis regionen bør utviklast framover, seier Aarethun 

Under samlinga deltok også styreleiar i Initiativ Vest, Geir Inge Lunde. I sitt innlegg presenterte han bakgrunnen for kvifor ein har valt å skipe ei tankesmie på Vestlandet, og han utfordra med deltakarane på kva som er Vestlandet sine største moglegheiter og utfordringar framover. 

Lunde BW 3x4

– Når eg saman med Pål W. Lorentzen byrja arbeidet med å skipe Initiativ Vest for nokre år sidan kom vi raskt fram til at dei unge ville vera heilt avgjerande. For at både Initiativ Vest og Vestlandet skal lukkast. Difor er det svært kjekt å sjå så mange samla her i dag til oppstart av kull 2, seier styreleiar Geir Inge Lunde 


Samlinga fredag 26. august var den fyrste av seks samlingar i det andre kullet av Vestlandsakademiet. 

Desse deltek i det andre kullet av Vestlandsakademiet:

Merima Bektesevic – Bergen

Håvard Rørtveit – Vindafjord 

Maria Benæs Hunvik – Florø 

Patrick Langeland – Førde 

Kristoffer F. Sortland – Haugesund

Ida Lutro – Lofthus 

Marte Å. Ljøkelsøy – Bergen 

Espen Ulvestad Sætre – Ålesund 

Kristoffer Nieuwejaar – Bergen 

Mona K. Vølstad – Stavanger 

Ole Austevoll – Brussel/Austevoll 

Birgitte Karlstrøm – Sogndal

Haakon K. Nybø – Førde 

Rasmus K. Skjong – Ålesund 

Oda Camilla Rykkje – Bergen 

Karsten Løvlid – Viksdalen 

Pål Halle – Bergen

Magni Rosvold – Voss

Vegard I. Feste – Bergen 

Tina Totland Jensen – Bergen 

Jelle Sebastian Bruin – Stavanger 

Tora Margrethe Eide – Haugesund 

Joakim Hevrøy – Øygarden / Oslo

Sjur Selsvik – Sandnes 

Bjørn Olav Østeby – Bergen / Oslo

Initiativ Vest mottek økonomisk støtte frå Agenda Vestlandet. I tillegg har vi fått prosjektfinansiering til Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank.

Andre innlegg

Share This