Vi kan ikkje ta tilliten for gitt!

31 august, 2022 | Innlegg

Bak hundrevis av avisoppslag om at Elon Musk har vitja energimessa i Stavanger skjuler det seg eit stort program, ei rekkje spanande sesjonar og viktige debattar.  Tema for årets utgåve av energimessa ONS i Stavanger, som er den fyrste sidan 2018, er «Trust». Med alt som skjer globalt på energifeltet i desse dagar, ikkje minst som ei […]

Bak hundrevis av avisoppslag om at Elon Musk har vitja energimessa i Stavanger skjuler det seg eit stort program, ei rekkje spanande sesjonar og viktige debattar. 

Tema for årets utgåve av energimessa ONS i Stavanger, som er den fyrste sidan 2018, er «Trust». Med alt som skjer globalt på energifeltet i desse dagar, ikkje minst som ei følgje av at Putin har nytta den russiske gassen som ei brikke for å destabilisere Europa i forkant av angrepet på Ukraina, er det vanskeleg å sjå eit meir relevant tema i desse dagar. 

Eit av spørsmåla eg beit meg særskilt merke i under ein av sesjonane tysdagen, og som eg meiner det er grunn til å reflektere ekstra kring i desse tider, var om tilliten var noko ein berre kunne ta for gitt og leggje til grunn i Noreg? Noreg er i verdstoppen kva gjeld tillit. Det kjem med anna fram i OECD-rapporten «Drivers of Trust i Public Instutions in Norway» der det går fram at 8/10 nordmenn har tillit til styresmaktene, mot eit snitt på 5/10 i alle OECD-landa. Den same rapporten syner derimot også at to av tre nordmenn meiner at offentleg sektor ikkje gjer nok for å vera innovative, og at halvparten av befolkninga meiner at styresmaktene ikkje gjer nok i møte med framtidige samfunnsutfordringar. Som klimakrisa, finansiering av velferdsstaten og andre store samfunnsutfordringar. 

For femte gong har analysebyrået Respons Analyse, på oppdrag frå Arendalsuka, gjennomført undersøkinga Tillitsbarometeret. Her vert tilliten til ulik institusjonar og aktørar som er med i dei politiske prosessane målt. Resultata frå undersøkinga i år syner at tilliten til dei politiske institusjonane i Noreg fell signifikant. Det bør bekymre oss, og det bør «vera ein vekkar» for dei som tek tilliten i samfunnet for gitt. 

I desse dagar er det ei sak som totalt dominerer mediebiletet i norsk politikk. Straumprisane. I dag åtvarar sjefanalytikar Tor Reier Lilleholt i selskapet Volue Insight om at straumprisen i Sør-Noreg kan nå 20 kr per kilowatt-time i løpet av vinteren. Uavhengig av om denne åtvaringa slår til eller ikkje er det klart at straumprisen denne vinteren vil verta høg. Prisbiletet ein no ser set tilliten til kraftselskapa, til energisystemet og til politikarane på prøve. Det er avgjerande at det kjem på plass løysingar som står seg over tid, når vi skal møte ei framtid der det vil verta stadig aukande behov for elektrisk kraft.

«– Vi vet at folk sliter med å stole på energiselskaper. Dette må vi adressere. Folk må kunne stole på oss. Bare slik kan vi nå målet om et rettferdig energisystem som kan takle klimaendringene», sa Shell-topp Edward Daniels under opninga av ONS. Han var tydeleg på at møtet med det grøne skiftet vil krevje både dyktige ingeniørar og modige politikarar. Det er riktig, og det vil vera avgjerande at ein greier å sikre tilliten dersom ein skal greie å gjennomføre dei formidable endringane ein står ovanfor framover.

Den regulerbare vasskrafta er igjen Noreg sitt store føremon i møtet med det grøne skiftet, men vi har enn så lenge også eit anna stort føremon: tilliten. Utviklinga dei seinare åra, og kunnskapen om at vi står ovanfor enorme utfordringar framover – både på kort og lang sikt, gjer at vi ikkje kan ta denne for gitt! På same måte som vi er opptekne av fyllingsgraden i vassmagasina framover må vi syte for at også tillitsmagasina er fulle. Berre då vil vi lukkast. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This