God anledning til eit betre samarbeid i vest

7 juli, 2022 | Nyhende

Stortingsbenkane frå vestlandsfylka bør samarbeide meir og betre. Førre veka kunne ein lese eit oppslag i Stavanger Aftenblad der Geir Pollestad (Sp) meiner at «som politisk kraft har Rogalandsbenken delvis forvitret». Bakgrunnen for oppslaget er mellom anna eit møte som fann stad på Atlantic Hotel i Stavanger 16. mai, og ein debatt om korleis ein […]

Stortingsbenkane frå vestlandsfylka bør samarbeide meir og betre.

Førre veka kunne ein lese eit oppslag i Stavanger Aftenblad der Geir Pollestad (Sp) meiner at «som politisk kraft har Rogalandsbenken delvis forvitret». Bakgrunnen for oppslaget er mellom anna eit møte som fann stad på Atlantic Hotel i Stavanger 16. mai, og ein debatt om korleis ein nyttar benkemøta og Rogalandsbenken – stortingsrepresentantane frå Rogaland – som «organ»

Stortingsbenkane kan spele ei viktig rolle som regional politisk kraft i saker som er viktige for ein region. Det er truleg difor klokt med jamne mellomrom å drøfte korleis denne typen arenaer og forum fungerer. Det vil kunne føre til at arenaen får større relevans og gjennomslagskraft, og at regionen sine interesser dermed vert enno betre representert.

Vestlandsrådet

Når det no ser ut til å verta ein debatt om dette i Rogaland, vonar eg ein også nyttar høve til å drøfte korleis stortingsbenkane i dei fire valkrinsane på Vestlandet kan samarbeide meir. Det er difor gledeleg å registrere at fylkesordførar Marianne Chesak (Ap) er inne på dette sporet, og som leiar av Vestlandsrådet i 2022 både kan og bør ho kunne ta ei leiarrolle i dette arbeidet framover.

I 2021 vedtok Vestlandsrådet ein ny felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka, eit arbeid vi i tankesmia Initiativ Vest hadde glede av å vere med på. I denne strategien vert det peika på at det er behov for å i større grad samlast i ein felles front og med ei «felles stemme» som løfter fram dei viktige områda i den felles strategien, mellom anna for å akselerere det grøne skiftet langs vestlandskysten.

Kome over hindringar

Å samle seg til felles benkemøte og skape arenaer for dialog på tvers av dei tre vestlandsfylka – der vi veit utfordringane og moglegheitene i stor grad overlappar kvarandre – vil vera eit godt og konkret grep for å følgja opp dette.

Vestlendingar er gode til mykje. Også til rivalisering på tvers av regionar. Det ser vi diverre litt for ofte, og eit tettare politiske samarbeid mellom stortingsbenkane og mellom og internt i partia vil vera eit godt grep for å gjera noko med dette. Det vil gi ein arena for ein del drøftingar om satsingar og prioritering som ein i dag diverre ofte ser i form av krigstypar i avisspaltene.

Ei styrking av det politiske samarbeidet på Vestlandet bør difor få plass i den vidare debatten om korleis ein framover brukar stortingsbenkane som politisk kraft. Det vil vera eit viktig bidrag til å byggja ein sterkare samarbeidskultur i regionen, og det vil truleg også tene regionen sine interesser.

Dette innlegget stod fyrst på trykk i papiravisa til Stavanger Aftenbland 29. juni.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This