Kvar vil folk bu i 2050?

12 juli, 2022 | Nyhende

Nyleg lanserte Statistiske sentralbyrå (SSB) nye framskrivingar for korleis befolkninga i Noreg vil utvikle seg fram mot 2050. Tala er ikkje særskilt lystig lesnad for distrikta.  Dei regionale befolkningsframskrivingane til SSB gjev liten grunn til optimisme for dei som er opptekne av vekst og utvikling i distrikta. Igjen vert det stadfesta at byane og områda […]

Nyleg lanserte Statistiske sentralbyrå (SSB) nye framskrivingar for korleis befolkninga i Noreg vil utvikle seg fram mot 2050. Tala er ikkje særskilt lystig lesnad for distrikta. 

Dei regionale befolkningsframskrivingane til SSB gjev liten grunn til optimisme for dei som er opptekne av vekst og utvikling i distrikta. Igjen vert det stadfesta at byane og områda kring desse held fram med å vekse, medan distrikta ser synkande folketal. 

– Veksten i befolkningen de neste tiårene blir ujevnt fordelt utover landet. Viken fylke er ventet å vokse med 19 prosent fram mot 2050, mens Nordland ventes å krympe med 2 prosent. Det seier SSB-forskar Sturla Løkken i denne saka på SSB.no.

I rapporten frå SSB går det fram at befolkninga i Noreg er venta å vekse med 11 prosent fram mot 2050. Det kjem også fram at heile 40% av kommunane i Noreg ikkje vil ta del i denne veksten, og mange av desse er sokalla distriktskommunar.

Korleis er utviklinga i vestlandsfylka?

Om ein går inn i tala frå SSB og ser nærmare på dei fylkesvise framskrivingane, ser ein at det er i Viken (18,5%) og i Oslo (15,6 %) at veksten i folketalet fram til 2050 er venta å verta størst. 

For Vestlandet sin del er tala som følgjer:
– Møre og Romsdal (3,6 %)
– Vestland (8,2 %)
– Rogaland (10,8 %)

Medan Rogaland er omlag heilt linje med det nasjonale snittet ser ein altså at Vestland ligg noko under, medan Møre og Romsdal er det fylket som har størst utfordringar på dette området samanlikna med landet som heilskap. 

Kjelde: SSB.no

Det er store forskjellar internt i fylka, og det er særskilt i dei store byane og deira omlandskommunar at veksten vil kome fram mot 2050.

I Møre og Romsdal er det Giske kommune utanfor Ålesund som har den største framskrivne veksten med 20,7%, medan Vanylven er den kommunen som har den største framskrivne nedgangen med -21,1 %. 

I Vestland er det Bjørnafjorden kommune ved Bergen som har den største framskrivne veksten med 19,1 %, medan det er industristaden Årdal som er den kommunen som har den største framskrivne nedgangen med -19,9 %. 

I Rogaland er det den vesle øykommunen Utsira som har den største framskrivne veksten med 26,6% auke frå 188 til 238 innbyggjarar. Av større kommunar er det Klepp kommune som leiar an med ein framskriven vekst på 20,9 %, medan den største framskrivne nedgangen er det Sauda som har med -11,6 %.  

Kjelde: SSB.no

Aldrande befolkning ei særskilt utfordring i distrikta.

At befolkninga i Noreg vert eldre er ikkje noko nytt, og skuldast med anna at folk lev stadig lengre. Aldringa i befolkninga er størst i distrikta. 

– Mange unge mennesker flytter fra distriktene og til mer sentrale strøk, og får sine barn der. Derfor blir befolkningen i distriktene stadig eldre, ettersom det er lite påfyll av barn og yngre folk, seier Sturla Løkken i den same saka på SSB.no. 

Tematikken har lenge vore kjent, men det ser ikkje ut som ein greier å gjera noko med dette. Noverande direktør ved Vestlandsforsking, og tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre åtvara nyleg i ein samtale med oss i Initiativ Vest om at løysinga med å hente menneske og arbeidskraft frå andre delar av Europa kan vera i ferd med å forsvinnar. 

– Vi veit i tillegg at mange av dei europeiske landa har endå lågare fødselstal enn Noreg, og at heile Europa er i ferd med å verta ein ein gamleheim, sa Hamre i Vestlandsintervjuet med oss i Initiativ Vest nyleg.

Les heile Vestlandsintervjuet med Anne Karin Hamre.

Her kan du lese heile rapporten med dei nye framskrivingane frå SSB.

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This