Grøne initiativ må følgjast opp politisk

26 november, 2021 | Blogginnlegg

Gron region 2
Skjermdump: Vestlandsporteføljen 2021

Denne veka vart Vestlandsporteføljen 2021 i regi av Grøn Region Vestland lansert. Men er det vilje og kraft til å utløyse moglegheitene og potensialet som ligg der?

Måndag denne veka vart den nye rapporten Vestlandsporteføljen 2021 lagt fram under ei lansering på Høgskulen på Vestlandet sitt campus på Kronstad. Men kvar var politikarane? Med unntak av fylkesordførar Jon Askeland og nokre fåe andre heiderlege unntak var det få politikarar å sjå på denne lanseringa. Innhaldet tatt i betraktning burde det vore fleire av dei i salen, men dei burde også ha fått plass i programmet. Sjølvsagt vil næringslivet vera heilt avgjerande i dette, men det vil også krevje stor politisk evne og vilje dersom ein skal lukkast med å utløyse potensialet som ligg i det grøne skiftet. Dei komande vekene skal det lanserast fire regionale rapportar og vonleg vil det vera fleire politikarar til stades her – både på scena og i programma.

Har du ikkje lest rapporten? Då bør du nytte nokre minutt denne helga til å gjera det. I denne, som i fleire andre rapportar og dokument dei seinare åra, kjem det fram at det ligg eit enormt potensiale i det grøne skiftet her på Vestlandet. Denne rapporten (som dekkjer Vestland fylke) er utforma av konsulentselskapet EY og er eit godt felles kunnskapsgrunnlag. Rapporten syner kva potensiale som fins, men også kva barrierar som må forserast og flokar som må løysast om potensialet skal kunne utløysast.

Næringsstrukturen, og dermed også moglegheitene og utfordringane i møtet med det grøne skiftet er ganske samanfallande langs heile Vestlandskysten. Sjølv om dette kunnskapsgrunnlaget er svært godt, trur eg det hadde vore eit enno betre grunnlag for vidare utvikling om ein hadde sett heile Vestlandet (Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal) under eitt i dette arbeidet. Kanskje kan det kome som eit neste steg?

Oppfølginga av det som ligg i rapporten bør i alle fall uansett skje i tett samspel med nabofylka på Vestlandet. Samarbeid vert også i denne rapporten løfta fram som heilt avgjerande for at ein skal kunne lukkast, og ein viktig debatt framover vert nettopp dette: korleis kan vi samarbeide meir og betre på Vestlandet. Eg trur det vert heilt avgjerande at vi no klarar å få på plass naudsynt infrastruktur og samarbeidsstrukturar. No må vi byggje Vestlandet, som eg skreiv i Sunnhordland.no tidlegare denne veka.  

Tidlegare i haust vedtok ein i regi av Vestlandsrådet ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka, som med anna skulle tene som eit som eit grunnlag for arbeidet med den store omstillinga som Vestlandet står ovanfor. Vi i Initiativ Vest har vore kopla tett på dette arbeidet, og eg meiner det er eit solid fundament for å kunne få til konkrete og forpliktande samarbeid om viktige saker for regionen framover.

Grøn Region Vestland er eit glitrande kunnskapsgrunnlag og bør sjåast på som eit «call to action» for alle som er oppteken av samfunnsutviklinga på Vestlandet, og det grøne skiftet. Vestlandspolitikarar, anten det er lokalt, regionalt eller nasjonalt bør difor setja seg godt inn i dette kunnskapsgrunnlaget, men endå viktigare: dei bør drøfte korleis ein kan løyse barrierane og utløyse potensialet som ligg i dette! Det hastar!

Andre innlegg

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette var nyhendebrevet fredag 23. juni. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Heilt sidan Støre-regjeringa flytta inn regjeringskontora har det blitt bygd opp forventningar til distriktsmeldinga. Ikkje så rart når Senterpartiet sit i regjering. Då har...

Fem punkter fra RNB

Fem punkter fra RNB

Dette var nyhendebrevet fredag 12. mai. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Fra regjeringen i går rant det ut pressemeldinger som penger fra Oljefondet. Ikke bare ble revidert nasjonalbudsjett lagt fram, men flere andre nyheter ble sluppet denne...

Kva med oss som bur her då?

Kva med oss som bur her då?

Dette var nyhendebrevet fredag 28. april. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.For ei tid tilbake deltok eg på eit arrangement om kompetanse og rekruttering. I etterkant kom ein person bort til meg for å fortelja meg ei historie.  «Har du tenkt på kva...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This