Tommy Aarethun tek over som dagleg leiar i Initiativ Vest

2 desember, 2021 | Nyhende

Tommy Aarethun tek over jobben som dagleg leiar i Initiativ Vest på permanent basis frå og med 1.12.2021. Han kjem frå stillinga som Administrasjons- og kommunikasjonssjef i Initiativ Vest, men har vore konstituert i rolla som dagleg leiar sidan septembe 

– Styret i Initiativ Vest er glade for at Tommy har takka ja til å ta på seg jobben med å utvikle Initiativ Vest framover. Initiativ Vest skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet, og til eit styrkja samarbeid i regionen. Tommy har med sin bakgrunn frå akademia, politikken og tida i Initiativ Vest gode føresetnadar for å leie dette arbeidet i tida som kjem, seier styreleiar Geir Inge Lunde.

Initiativ Vest skal synleggjera moglegheiter og utfordringar i regionen og bidra til ordskiftet på Vestlandet og i Noreg gjennom formidling av kunnskap, meiningar og framlegg. 

– Det pågår for tida ei rekkje prosessar som syner viktigheita av eit styrkja samarbeid i regionen, og at ein har personar og miljø som er opptekne av dei langsiktige spørsmåla knytt til utviklinga på Vestlandet. Vi skal synleggjere både utfordringar og moglegheiter, og eg har i tillegg ei klår målsetjing om at Initiativ Vest skal bidra til at vi i større grad samlar oss i viktige saker i regionen, seier Aarethun 

– Vi ynskjer framover å knyte til oss personar som er opptekne av å bidra til tenking og arbeid med saker som er viktige for samfunnsutviklinga på Vestlandet. Om du er ein av desse så oppmodar eg deg til å ta kontakt med meg, avsluttar Aarethun

initiativ vest web bilder tilsete profil 007
Tommy Aarethun

Ole Rasmus Øvretveit som har vore dagleg leiar held fram i ei anna stilling i Initiativ Vest. 

Kontakt: 
Tommy Aarethun – +47 951 67 502 / tommy@initiativvest.no

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Fyrste samling med nytt kull i Vestlandsakademiet

Fyrste samling med nytt kull i Vestlandsakademiet

Fredag 1. september samla vi det tredje kullet av Vestlandsakademiet til fysisk samling i Bergen. Valet på Vestlandet og retorikk og taleteknikk var tema for samlinga.  - For ein strålande gjeng. Allereie på den fyrste samlinga ser vi kva vi kan få til når vi samlar...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This