Vi presenterer no det tredje kullet av Vestlandsakademiet!
Gjennom Vestlandsakademiet er målet at unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet. Deltakarane i akademiet får tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.
– Vi er stolte av å kunne presentere det tredje kullet av Vestlandsakademiet. Også i år har vi fått gode søkjarar, og vi har satt saman ein gruppe av unge vestlendingar som vi er sikre på at vil bidra på ein god måte inn i akademiet og på Vestlandet framover, seier Tommy Aarethun som er prosjektleiar for Vestlandsakademiet.
Desse deltek i det tredje kullet:
Gunnar H. Breivik, Manager i konsulentbransjen, Bergen
Amalie D. Senneset, Programrådgjevar, Førde
Jonas Nedretvedt, Digital marknadsførar, Bergen
Franceska Craga, Ingeniør, Deknepollen
Ingrid K. Singelstad, Karriererettleiar, Bergen
Amalie L. Aase, Forsikringsrådgjvar, Bergen
Hans P. Farstad, Trainee, Molde/Bergen
Nikolai A. Valvik, Seksjonsleiar redningstenesta, Florø
Synne S. Helleland, Student og studenttillitsvalt, Kvinnherad
Mai Lene F. Hæåk, Politisk rådgjevar, Hå/Oslo
Alexander Papas, Student og styremedlem, Stord
Nikolai Nordbotn, Prosjektleiar/leiar Tech HUB, Stavanger/Bergen
Lea Myklebust, Prosjektleiar, Sogndal
Herman N. Beckstrøm, Student, Osterøy
Sigval Myren, Kvalitetskontrollør, Herøy
Kaspar M. Coates, Student, Bergen
Vilde N. Fredriksen, Digital rådgjevar, Bergen
Emma B. Ness, Student, Viksdalen
Ulvar Akselsen, Student, Stord/Oslo
Johanne Kjerstad, rådgjevar, Ålesund
Morten Stene, Student, Ølen
Nicole Boge, Prosjektkoordinator, Vaksdal
Sanu Shaw, Forretningsutviklar, Karmøy/Oslo
Elise Fiske, Dagleg leiar, Ålesund
Falk D. Øveraas, Samfunns- og myndighetskontakt, Ålesund
Vi ynskjer gjerne å få med nokre fleire deltakarar frå Rogaland.
Kan det vera av interesse for deg eller nokre du kjenner? Send ein e-post til post@initiativvest.no.
Byggjer vidare på erfaringar frå dei to fyrste kulla
Vi har no gjennomført to kull og 40 deltakarar har vore gjennom programmet. Det tredje kullet vil byggje vidare på arbeidet som er gjort, og modellen som er blitt utvikla gjennom desse to åra. Sentralt i dette er ein kombinasjon av digitale (4) og fysiske (2) samlingar. Vi ser at dette har vore ein modell som fungerer godt, ikkje minst når vi har deltakarar som held til ulike stader.
Energi, samferdsle og makt/samarbeid er dei tre områda styret har peika på som sentrale for Initiativ Vest framover. Desse tematikkene, saman med andre aktuelle saker på Vestlandet, vil få ein sentral del i programmet som vi lanserer over sumaren.
Deltakarar i det fyrste kullet av Vestlandsakademiet. Foto: Truls Lerø