To år med Vestlandsakademiet

27 juni, 2023 | Nyhende

Hausten 2021 tok vi opp det fyrste kullet i Vestlandsakademiet, og akademiet har blitt ein viktig del av aktiviteten til Initiativ Vest. No har 40 deltakarar vore gjennom opplegget og i desse dagar landar vi det tredje kullet som har oppstart til hausten.  Nokre av deltakarane i det fyrste kullet. Foto: Truls Lerø – Det […]

Hausten 2021 tok vi opp det fyrste kullet i Vestlandsakademiet, og akademiet har blitt ein viktig del av aktiviteten til Initiativ Vest. No har 40 deltakarar vore gjennom opplegget og i desse dagar landar vi det tredje kullet som har oppstart til hausten. 

Intiativ Vest 04.04.22 ©Truls Skram Lero 9

Nokre av deltakarane i det fyrste kullet. Foto: Truls Lerø

– Det har vore fantastisk å vera med på etableringa av Vestlandsakademiet. Ein viktig suksessfaktor har vore måten vi har satt saman kulla på. Gjennom å samle folk på tvers av bakgrunn, alder og geografi får vi fram nye perspektiv og tankar, seier Tommy Aarethun som har vore prosjektleiar for Vestlandsakademiet sidan byrjinga.

Vestlandsakademiet har dei to fyrste åra motteke prosjektfinansiering frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til å løfte opp, og gjennomføre dette prosjektet. I tillegg mottek Initiativ Vest årleg støtte frå Agenda Vestlandet til drift og utvikling av våre organisasjon. Desse midlane har også blitt nytta til arbeidet med Vestlandsakademiet.


Akademiet samlar folk mellom 20 og 35 år til samtalar om viktige tema i regionen. Gjennom ei rekkje samlingar, både fysisk og digitalt, har talentfulle vestlendingar fått møte kvarandre, skape nye bekjentskap og venskap, og drøfta viktige saker for regionen. 

– Å delta i Vestlandsakademiet er noko eg anbefaler til alle! Å lære, diskutere og verte utfordra av andre engasjerte har vore utruleg givande. Vi treng å treffast på tvers av sektorar og geografi, der er Vestlandsakademiet i ein særklasse, seier Gjermund K. Langset som var deltakar i det fyrste kullet av Vestlandsakademiet.

Ei rekkje gode innleiiarar og samtalar

I løpet av dei fyrste to kulla har vi hatt besøk av ei rekkje spanande innleiarar som har delt sin kunnskap og sine tankar om fleire ulike tematikkar. Blant fleire høgdepunkt i det fyrste kullet kan vi trekke fram ei samling hausten 2021 der Bjørn Sundland (Dåverande BKK og NCE Maritime CleanTech) og Kikki Kleiven frå Bjerknessenteret innleia om det grøne skiftet på Vestlandet.

I det andre kullet har vi også hatt ei rekkje ulike innleiarar. Eit høgdepunkt var samlinga om kompetanse og kompetanseutfordringar i januar 2023 der Geir Kåre Resaland (Prorektor HVL) og Ann-Kristin Kristoffersen (NHO Vestland) var inviterte til å halde innlegg.

Vidare vil vi løfte fram ei nyvinning frå det andre kullet, nemleg at vi på den femte samlinga identifiserte 10 grep som deltakarane i det andre kullet av akademiet meiner vil bidra til å løfte Vestlandet framover.

I tillegg til innleiarar og gode samtalar har begge kulla vore gjennom eit kurs i tale og retorikk halde av Apriil. Målet med dette har vore at deltakarane skal få nye verktøy og bli tryggare på å delta meir aktivt i samfunnsdebatten.

1682432040041

Deltakarar frå det andre kullet. Foto: Initiativ Vest

Vestlandsakademiet bidreg til å løfte fram nye røyster på Vestlandet, og til å utvikle ein kultur for meir samhandling på tvers av både fjordar og fylkesgrenser. 

– Det fins utruleg mange flinke unge mennesker på Vestlandet, men me er for dårlig til å bruka kvarandre sin kompetanse og samarbeida. Vestlandsakademiet er eit godt tiltak for å løysa det problemet. Eg har utvida nettverket mitt mykje og lært ein heil del både om meg sjølv og kva slags kompetanse og bedrifter som finnes i regionen vår,  seier Ida S. Lutro som var deltakar i det andre kullet av Vestlandsakademiet. 

Alumninettverk og vegen vidare

Alle som deltek i Vestlandsakademiet vert ein del av eit alumniprogram. På den måten held vi kontakten på ein arena for drøfting og erfaringsutveksling også etter at sjølve kullet er ferdig. Alumninettverket vil ha eigne samlingar, i tillegg til at deltakarane vil verta inviterte til andre arrangement i regi av Initiativ Vest.

Vidare ser vi at måten vi arbeidar på i akademiet er ein måte å arbeide på som passer godt til kva vår organisasjon skal vera. Det er difor naturleg å vurdere å byggje ut tilstøytande aktivitetar til akademiet, eller å nytte denne arbeidsforma også på andre grupper av folk.

Desse deltok i det fyrste kullet:

– Gjermund Kvernmo Langset, Ålesund
– Jonas Økland, Oslo/Bømlo
– Torstein Fjelltveit Skagseth, Bergen
– Emilie Flønes, Bergen
– Eirin Aardal, Sunnfjord
– Hanne Vamråk Solheim, Bergen
– Andreas Nystøl, Ålesund
– Even Bønes, Bergen
– Sarah-Stephanie Skjoldevik, Haugesund
– Steinar Litland, Bergen
– Jakob Mannes, Bergen
– Hanne Haugland Nesbø, Oslo/Bergen
– Thomas Vestbø, Sandeid
– Kennet Nordpoll, Ålesund
– Helena Haldorsen, Bergen

Desse deltok i det andre kullet:

– Merima Bektesevic – Bergen
– Håvard Rørtveit – Vindafjord 
– Maria Benæs Hunvik – Florø 
– Patrick Langeland – Førde 
– Kristoffer F. Sortland – Haugesund
– Ida Lutro – Lofthus 
– Marte Å. Ljøkelsøy – Bergen 
– Espen Ulvestad Sætre – Ålesund 
– Kristoffer Nieuwejaar – Bergen 
– Mona K. Vølstad – Stavanger 
– Ole Austevoll – Brussel/Austevoll 
– Birgitte Karlstrøm – Sogndal
– Haakon K. Nybø – Førde 
– Rasmus K. Skjong – Ålesund 
– Oda Camilla Rykkje – Bergen 
– Karsten Løvlid – Viksdalen 
– Pål Halle – Bergen
– Magni Rosvold – Voss
– Vegard I. Feste – Bergen 
– Tina Totland Jensen – Bergen 
– Jelle Sebastian Bruin – Stavanger 
– Tora Margrethe Eide – Haugesund 
– Joakim Hevrøy – Øygarden / Oslo
– Sjur Selsvik – Sandnes 
– Bjørn Olav Østeby – Bergen / Oslo

Andre innlegg

Her er Vestlandsakademiet 2024/25

Her er Vestlandsakademiet 2024/25

Vestlandsakademiet skal løfte fram nye, unge stemmer fra Vestlandet. Deltakerne får tilgang til ny kunnskap, nye perspektiver og et nettverk som strekker seg langs hele kysten.

Share This