Nytt styre i Initiativ Vest

4 juli, 2023 | Nyhende

På årsmøtet i juni vart det valt nytt styre i Initiativ Vest. Det nye styret består av seks styremedlemmar, der fire av desse tek attval medan to styremedlemmar er nye. – Jeg vil takke de styremedlemmene som nå gir seg for en strålende innsats siden etableringen. Så ser jeg frem til å fortsette arbeidet med […]

På årsmøtet i juni vart det valt nytt styre i Initiativ Vest. Det nye styret består av seks styremedlemmar, der fire av desse tek attval medan to styremedlemmar er nye.

– Jeg vil takke de styremedlemmene som nå gir seg for en strålende innsats siden etableringen. Så ser jeg frem til å fortsette arbeidet med å utvikle Initiativ Vest og på den måten bidra til utviklingen av Vestlandet. Fokuset på energi, samferdsel og makt/samarbeid ligger fast og blir viktige bærebjelker i det videre arbeidet, sier Geir Inge Lunde som er valt på ny som styreleiar i to nye år.

Det nye styret ser slik ut:
Geir Inge Lunde, styreleiar
Helge Singelstad, nestleiar
Solveig Røkenes
Leif Johan Sevland
Lene Trude Solheim
Anne Karin Hamre

Til no har styret bestått av 10 styremedlemmer, men frå og med årsmøtet er dette redusert til 6 styremedlemmar. For valkomiteen har det vore viktig å sikre at ein har ein balanse av kontinuitet og nye tankar og idear i styret, samstundes som ein sikrar ein god geografisk balanse blant styret sine medlemmar. Alle styremedlemmane er valde for to år.

To nye styremedlemmer klare til å bidra

I tillegg til dei fire styremedlemmene som tek attval har ein frå og med årsmøtet fått inn to nye styremedlemmer som representerer ulike bransjer, og som tek med seg viktige perspektiv inn i arbeidet i styret. Dette er Lene Trude Solheim som er administrerande direktør for Næringsforeningen Ålesundsregionen og Anne Karin Hamre som er direktør ved Vestlandsforsking.

Lene Solheim Naeringsforeningen Alesundregionen

– Eg brenn for regionalt næringsliv og samfunnsutvikling. Verdiskaping og samarbeid langs kysten er heilt sentralt for at vi skal lykkast framover, eg ser fram til å bidra inn i arbeidet til Initiativ Vest, seier Lene Trude Solheim som til dagleg er administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundsregionen.


Bli betre kjent med Solheim som vi tidlegare har intervjua som ein del av Vestlandsintervjuet.

– Eg gler meg stort til å bidra i Initiativ Vest-styret, fordi eg er glødande oppteken av ei god utvikling på Vestlandet. Vi har store ressursar, moglegheiter og handlekraftige menneske. Samstundes må vi tore å utfordre kvarandre for å bli betre. Initiativ Vest skal vere ei uavhengig tankesmie, og då må vi i styret bidra til at vi tek utfordrar-rolla, seier Anne Karin Hamre som til dagleg er direktør ved Vestlandsforsking.

AKH


Bli betre kjent med Hamre som vi tidlegare har intervjua som ein del av Vestlandsintervjuet.

Foto Lene Trude Solheim: Næringsforeningen Ålesundsregionen
Foto Anne Karin Hamre: Monica Brugrand

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Her er Vestlandsakademiet 2024/25

Her er Vestlandsakademiet 2024/25

Vestlandsakademiet skal løfte fram nye, unge stemmer fra Vestlandet. Deltakerne får tilgang til ny kunnskap, nye perspektiver og et nettverk som strekker seg langs hele kysten.

Share This