– Dette var eit godt møte, der vi både fekk presentert Initiativ Vest for ministeren og løfta opp nokre viktige moment knytt til utviklinga av havregionen og den nasjonale havdebatten, seier dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun
Dagleg leiar Tommy Aarethun har i dag hatt møte med fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) om havet og den nasjonale havdebatten. Bakgrunnen for møtet var ein felles kronikk i Sunnmørsposten i desember saman med Gjermund Kvernmo Langset i The North West:
Kvifor snakkar ikkje vestlendingar meir om havet?
I etterkant av dette plukka stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) opp kronikken og svarte på den. Klinge deltok også i møtet med fiskeri- og havministaren. I møtet var koplinga mellom havdebatten og debatten om samfunnsutviklinga i Noreg eit sentralt tema.
Hav som større del av den nasjonale politiske debatten
Noreg er ein stor havnasjon og Vestlandet er havregionen. Utviklinga av samfunna langs heile kysten er tett kopla til kva som skjer i havet, og eit viktig innspel var difor at dette i større grad reflekterast i nasjonale politiske debatten. Det handlar om attraktivitet, infrastruktur, næringsliv og kompetanse for å nemne noko.
– Eit viktig innspel frå oss var at det er behov for å kople havet tettare på den politiske debatten om utviklinga av Noreg. Vi kan ikkje berre snakke om hav i FN og på Arendalsuka, seier Aarethun i etterkant av møtet med Skjæran.
Havet og den nasjonale havdebatten har også ein sentral plass i programmet under årets utgåve av konferansen The North West. Konferansen finn stad i Ålesund i april og Initiativ Vest skal bidra i delen som handlar om hav.