Vestlandsintervjuet: Helena Haldorsen

3 februar, 2022 | Nyhende

– Mitt hjerte ligg definitivt på Vestlandet. Eg har alltid hatt ein tett tilknyting også til det som ligg utanfor den store «bergensgryta». Gjennom jobben som leiar av Velferdstinget Vest har hjerterommet for Vestlandet berre blitt større!  Helena Haldorsen, leiar av Velferdstinget Vest Helena Haldorsen er 23 år og er leiar av Velferdstinget Vest (VT Vest). Ho […]

– Mitt hjerte ligg definitivt på Vestlandet. Eg har alltid hatt ein tett tilknyting også til det som ligg utanfor den store «bergensgryta». Gjennom jobben som leiar av Velferdstinget Vest har hjerterommet for Vestlandet berre blitt større! 

Helena Haldorsen, leiar av Velferdstinget Vest

Helena Haldorsen er 23 år og er leiar av Velferdstinget Vest (VT Vest). Ho er født og oppvaksen i Bergen, men gjennom familien er ho også tett knytt til Austevoll, Bømlo og Stord. 

Gjennom vervet som leiar av VT Vest representerer ho om lag 45 000 studentar på Vestlandet og ho har difor god oversikt over kva som rører seg blant unge studentar på Vestlandet. Ein viktig del av jobben er å ha kontakt med, og arbeide opp mot lokale politikarar, kulturliv, idretten og næringslivet i vertskommunane der Sammen har studentar. Difor har ho også god kontroll på kioskutvalet på vestlandsferjene. Meir om det seinare. 

Fakta

  • Velferdstinget Vest er ein samansetning av studentdemokratia til alle utdanningsinstitusjonane som er knytt til Sammen.
  • Formålet er å gi studentane ei felles stemme opp mot studentsamskipnaden og andre aktørar i velferdssaker som angår studentane.
  • Det består i dag av 29 delegatar.

– Gjennom kontakten opp mot studentar, politikarar og miljøa i dei kommunane der vi har studentar får vi ein solid oversikt over kva som rører seg på Vestlandet. Difor ser eg også behovet for at Vestlandet har ei sterk felles stemme i ulike saker – ikkje minst opp mot Oslo-regionen

Som leiar av VT Vest har Haldorsen også fått sett kor viktig infrastruktur – både fysisk og digital – er for å utvikle ein kultur for samhandling. Ho peikar med anna på at dersom ein skal lukkast med å knyte ein region som Vestlandet saman, er det avgjerande at ein torer å ta dei tøffe diskusjonane om infrastruktur. 

– Vi har sett gjennom koronapandemien at digital samhandling fungerer godt, men vi ser også kor viktig det er å kunne reise ut og fysisk møte folk i heile regionen. Skal vi fysisk knytte regionen saman er det difor avgjerande at vi torer å ta dei tøffe diskusjonen kring dette med infrastruktur. 

Vidare peikar ho på institusjonar, som til dømes Høgskulen på Vestlandet (HVL), som vil kunne spele ei viktig rolle i å utvikle regionen. Blant anna trekk ho fram korleis ein desentralisert utdanningsstruktur både bidreg til kompetanse i heile regionen, og til å byggje fellesskap og referansepunkt. 

Untitled design 21
Foto: Jin Sigve Mæland

Kva kan ein lære av Sogndal, og kvarandre?

Under vår samtale er Haldorsen oppteken av å trekke fram Sogndal, og det dei har fått til som vertskommune for studentar. Sogndal har dei siste åra hausta stor merksemd som ein attraktiv kommune der unge flyttar til – både studentar og andre. Det kan du med anna høyre om i denne episoden av Ekko på NRK

– Heilt konkret vil eg peike på noko som heiter «Eigargruppa» der offentleg forvaltning, kunnskapsmiljøa, idretten og næringslivet samarbeida tett. Dette gjer at prosessane «glir godt» og dette trur eg er noko andre kan lære av.

Haldorsen er i kraft av vervet i VT Vest med i Bergen Næringsråd si ressursgruppe for studentar, og seier at denne tematikken også er heilt sentral der. Blant anna har dei nyleg brukt ein del tid på å drøfte oppfølgjinga av #HvorforBergen, som ein er ein kampanje som har fått stor plass i sosiale medier i det siste. 

– På dette området er det sjølvsagt nokre ganske store forskjellar mellom kva som er utfordringane på Stord og i Bergen. Informasjon er likevel eit stikkord, og det handlar på mange måtar om å marknadsføre moglegheitene å potensialet.

Som ein del av dette peikar ho også på at fylka og det regionale nivået kan ta ei enno meir aktiv rolle i å koordinere prosessar og saker der utfordringane er like, og trur at dette også vil kunne vera eit bidrag til å bygge saman regionen. 

Engasjement blant dei unge

Som tillitsvalt på fulltid og representant for meir enn 45 000 studentar er Helena Haldorsen openbart ein av dei unge studentane på Vestlandet som har stort engasjement, både for studentane sin kvardag og for Vestlandet som region. Ho har også ein del tankar kring dette med engasjementet blant dei unge, og om kva som skal til for å styrkja dette.

– Blant studenttillitsvalte er det ikkje til å stikke under ein stol at det er nokre utfordringar knytt til at ein er engasjert i ein «kort periode». Det betyr at det er stor utskifting blant dei mest engasjerte, og vi ser at dette kan vera ei utfordring for å få engasjement og «blest» om dei meir lange linjene.

Ho peikar vidare på at «engasjementet» blant unge og studentar er veldig samansett, og at ein har ulike former for engasjement. Nokre søker eit fellesskap og engasjementet er då ofte veldig spesifikt knytt til denne aktiviteten, medan andre har eit større engasjement og dermed også er opptekne av dei meir overordna samfunnsspørsmåla. 

Eg trur det er heilt avgjerande at vi evnar å kople folk saman og utvikla dei gode felles arenaene. Anten det er på tvers av miljøa i Bergen, eller det er på tvers av studiestadane på Vestlandet. Då kan vi også få løfta det regionale perspektivet opp.

På det siste feltet trur ho at VT Vest og andre organisasjonar som har eit regionalt nedslagsfelt kan spele ei nøkkelrolle. 

Sidan ho brukar ein del av tida si på å reise rundt om kring på Vestlandet for å møte studentar og andre sentrale aktørar vert det også ein del ferjeturar i løpet av eit år. Vi avsluttar difor vår prat med eit spørsmål om kvar dei har dei beste svelene på ferja.  

– Eg et faktisk alltid sveler på ferja, av og til med smørkrem og av og til med brunost! Dei beste finn du nok på Halhjem-Sandvikvåg eller Lavik-Oppedal, ein i nord og ein i sør med andre ord.

Det siste var vel eit klassisk politikarsvar som syner at ho representerer fleire delar av regionen? 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This