Langs heile Vestlandskysten finn ein felles utfordringar og moglegheitene knyt seg stort sett til liknande næringar. Kvifor samarbeider ein då ikkje meir?
Samarbeid vert med rette peika på som avgjerande for å lukkast. På Vestlandet (Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland) bur det til saman i underkant av 1,4 millionar menneske. Det er difor fleire grunnar til at det er ein svært god ide å styrke samarbeidet internt i denne landsdelen.
Verda står ovanfor ei rekkje komplekse utfordringar i åra som kjem. Som vil krevje kompetanse, ressursar og nytenking. Samarbeid og samhandling på tvers av etablerte og tidlegare kjente grenser vil i mange tilfelle verta heilt avgjerande om vi skal lukkast med å løyse desse. Det å samarbeide om dei enkle tinga kan ofte vera ganske lett, men det er ofte om dei store og komplekse utfordringane vi verkeleg treng gode samarbeid. Klarar vi det?
Eg har tidlegare stilt spørsmål ved om vi er rigga til å utvikle nye politiske løysingar, og få gjennomført vedtak og satt politiske løysinga ut i livet i takt med tempoet og kompleksiteten i dei store samfunnsutfordringane? Eg trur framleis det er naudsynt å bore meir i desse spørsmåla framover, for å sikre at vi er best mogleg rusta til å møte desse utfordringane i framtida.
For det fyrste er mange av utfordringane som kommunane og regionane på Vestlandet står ovanfor ganske like. Det handlar med anna om samferdsel, det handlar om næringsutvikling, det handlar om utdanningstilbod og det handlar om å utvikla attraktive lokalsamfunn. Difor er det til dømes bra at Sogn Regionråd og Hardangerrådet, som er to regionar som er ganske like, no har vedteke at dei skal møtast med jamne mellomrom for å styrka samarbeid.
For det andre er det heilt avgjerande at ein region som Vestlandet, der utfordringane er ganske like og potensialet på mange måtar ligg innanfor dei same næringane, foreinar kreftene i kampen mot andre regionar. Både nasjonalt og internasjonalt. Det seier seg sjølv at det på mange områder vil tene alle partar om ein kan tale med ei felles røyst innanfor ein del av desse områda. Det er difor svært positivt at ein no har fått på plass ein ny felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka. Vi må alle ta eit felles ansvar for å følgje opp at denne vert «satt ut i livet» og ikkje gøymt vekk i ei skuff. Den er alt for god til det.
Den store utfordringa framover vert å finne gode strukturar også for å få til samarbeid om dei store og komplekse sakene. Saker og prosjekt som det tek tid å realisere, og som krev breie alliansar. Over tid. På tvers av partifargar, på tvers av fylkes- og kommunegrenser og på tvers av andre tidlegare kjente liner. Skal vi lukkast med det treng vi å løfte fram dei gode døma, og bruke desse som mal for å vidareutvikle samarbeidskulturen i regionen.
Utbygginga av Bybanen i Bergen frå starten av er eit døme på dette. Der dei to store partia i bergenspolitikken, Bergen Høyre og Arbeiderpartiet i Bergen, samla seg om Bergensprogrammet, som i dag er blitt avløyst av Miljøløftet. Dette er eit samarbeid mellom statlege, fylkeskommunale og kommunale aktørar i Bergensregionen. Det at dei to store partia i Bergen bystyre samla seg, og var ein del av eit kompromiss om Bergensprogrammet i 2003 vert av mange peika på som ein viktig del av suksessen med fyrste delen av bybanebygginga i byen. Det sikra eit breitt fleirtal som stod seg over tid – og på tvers av skiftande politisk fleirtal i Bergen bystyre. Situasjonen rundt Bybanen er i dag er som kjent ein ganske annan.
Framover vil vi stå ovanfor ei rekkje store oppgåver. Om vi i fellesskap kan dyrke ein kultur for samarbeid, og utvikle digitale og fysiske arenaer for å løyse oppgåver saman trur eg vi aukar sjansane for å lukkast. Det vil krevje mykje av mange, og ein må vera villig til å ofre noko for å bidra. Eg trur likevel det er verdt det, og at vi saman som region vil kome styrka ut av det.